Titus Annius Milo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Titus Annius Milo (? - 48 f.Kr.) var ein romersk politikar. Milo var folketribun i 57 f.Kr. og arbeidde hardt for å få Cicero attende frå eksilet han hadde blitt tvunge til etter ein maktkamp med Publius C. Clodius. Clodius motarbeidde Milo sin freistnad på å få Cicero attende til Roma, og nytta innleigde gladiatorbandar til å terrorisere ibuarane i byen. Milo nytta same våpen som sin politiske motstandar, og over fleire år barka dei to saman i reine gatekampar hovudstaden. I 52 f.Kr. freista Milo å bli konsul, men Clodius sytte for å hindre at han vart vald. Same året støtte Milo og Clodius tilfeldigvis på kvarandre i Bovillæ på Via Appia. Båe to hadde ein væpna flokk i ryggen, og i det påfølgjande slagsmålet vart Clodius drepen.

Som følgje av drapet på Clodius vart det reist sak mot Milo. I rettssalen vart han forsvara av Cicero, som leverte ein framifrå tale til fordel for Milo. Talen vart sannsynlegvis omarbeidd etter at han vart heldt, og har overlevd for ettertida. Trass i talen vart Milo likevel dømd til eksil, og reiste til Massilia (dagens Marseille). Då Cæsar greip makta vona Milo fånyttes at han skulle få vende attende til Roma, og drog difor heim att på eige initiativ. Der freista han å få i stand ein oppreist i Italia, men døydde i ei trefning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Milo, Titus Annius (1924). I Salmonsens konversationsleksikon. XVII: Mielck—Nordland (s. 48). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel.