Tiulenij
Hopp til navigering
Hopp til søk
- For øya i Kaspihavet med same namn, sjå Tiulenij i Kaspihavet.
Tiulenij (russisk Ostrov Tiulenij) er ei lita øy i Okhotskhavet. Ho ligg 19 km sør for eit nes på austsida av Sakhalin i Russland. Tiulenij er 1,6 km lang og 850 meter brei.
Det er mykje sel på kysten av Tiulenij og i farvatnet omkring, og derfor har øya fått namnet sitt, som tyder nettopp 'sel' på russisk. Ho vart tidlegare kalla «Robbenøya» etter det tyske ordet for sel.[1] Det finst òg mykje sjøfugl på Tiulenij.
Administrativt høyrer Tiulenij til Sakhalin oblast.
Tiulenij i Okhotskhavet må ikkje forvekslast med Tiulenij utanfor kysten av Dagestan eller med Tiulenijøyane i Kaspihavet i Kasakhstan.
Tiulenijviruset, eit arbovirus gruppe B, vart oppdaga på Tiulenij i 1969 frå flått på fuglar.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tyuleniy Island (Sea of Okhotsk)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering
- Geografiske data
- Sel på Tiulenij
- Fuglar på Tiulenij [1] & [2]
- Russiske sjøfuglar
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: