Tjørebrenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tjæremile)
Tjørebrenning i Finland kring 1900

Tjørebrenning er utvinning av tjøre ved tørrdestilasjon av harpikshaldig trevirke. Det er særleg fururøter (tyri) som vert brukt.

Ulike metodar har vorte brukt ved tjørebrenning: Tjøregrov, brenning i jarngryte og milebrenning.

Milebrenning[endre | endre wikiteksten]

Underlaget[endre | endre wikiteksten]

Djup tjøredal på Öland

Milebrenning er vanlegaste tjørebrenningmetoden. Før ein kan bygge mila, må underlaget, den traktforma tjøredalen gjerast klar. Det har vore vanleg å grave han delvis inn i svakt skråande terreng. Ein del av underlaget vert oppbygd av stein eller stokkekonstruksjon. Underlaget å vere tett, slik at tjøra kan renne nedover i trakta. Til å gjere botnen tett har det tradisjonelt vorte brukt bjørkenever. Til ei stor mile kunne det gå med opp til 1500 neverflak.[1] I seinare tid har papp og bølgjeblikk vorte brukt som underlag. I botnen av trakta er det ei helle med hòl, som tjøra kan renne ned gjennom. Under den oppbygde delen er det ein gang inn til midten. Under tappehòlet vert det plassert ei renne av ein uthola stokk, slik at tjøra kan samlast opp.

Furuveden[endre | endre wikiteksten]

Det går med store mengder oppkløyvde fururøter til ei tjøremile. Det krevst svært mykje arbeid. Det har vorte rekna med at det tek nær eit årsverk å gjere veden klar.[1]

Fururøtene bør helst vere så gamle at ytterveden har rotna vekk. Stubben bør då vere 10-15 år, eller meir.[1] Ein kjenner døme på miler der det har vorte brukt ved frå meir enn 150 år gamle stubbar.[2]

Arbeidet med stubbebryting gjer ein gjennom hausten. Når telen kjem kan røtene køyrast til milestaden. Så vert dei rensa og grovkløyvde. Så er det finkløyving til spik, sortering og oppstabling til tørk. At røtene er frosne kan gjere dei lettare å kløyve.

Bygging av mila[endre | endre wikiteksten]

Skjematisk skisse av ei tjøremile. Høgre del er dekt av torvflak

Bygging av mila er gjerne dugnadsarbeid. Ein røynd tjørebrennar må leie arbeidet. Det er viktig at mila får rett diameter, og at ho skrår rett mot toppen, ut frå mengda av ved ein har til rådvelde. I midten vert reist ein midtstokk, draget eller navlekjeppen. Han syner kvar sentrum i mila er, og er til hjelp for å få ho symmetrisk. Nedst i dalen legg ein lekter som peikar mot sentrum. Over dei vert beinkløyvd ved, gjerne frå stubbenden, lagd på tvers. Så byggjer ein mila over desse. Spiket vert lagd radialt, peikande mot sentrum. Den ringaste veden, som er ujamt kløyvd og har mindre harpiks, vert lagd ytst. Så stablar ein feitare ved, feitspik innover, slik at den feitaste ligg inn mot midtstokken. Etter kvart som mila veks, må ho rundast av, slik at ho har skap som ei flattrykt halvkule, når all spika er opplødd. Feitspiket ver lødd så tettpakka som råd. Toppen av mila jamnar ein med flis. Så vert ho banka, for å få spiket endå tettare sama. Draget i midten vert oppdrege, så det ert eit hol frå toppen til midthòlet i botnen.

Før brenninga vert mila dekt med flak av skogstorv. Dette vert gjort for å redusere lufttilgangen. Ein lèt det vere ei opning nedst i torvlaget. Her skal mila tennast. Torvflaka vert lagde med lyngsida ned.[3]

Brenning av mila[endre | endre wikiteksten]

Ein får best resultat av brenninga om det er roleg vêr. Vind fører lett til ujamn brenning.

Ringveden i ytterkant av mila vert påtend gjennom opninga nedst i torvdekket. Opninga i torva ver så tildekt. Målet er at varmen skal spreie seg innover og nedover i mila. Dei som passar mila skal syte for at varmen er optimal. Det harpikshaldig spiket vert varma under minimal tilgang til luft. Då vil tjøra smelte og renne ut or veden. Den ideelle temperaturen på tjøra er om lag 40° C. Er det varmare, vil ikkje tjøredampen kondensere.[4] Milevaktene får vite mykje om temperaturen ved å sjå på røyken. Kvit røyk indikerer væte i mila. Det får ein så lenge torvdekket er fuktig. Er røyken blå eller svart er det fyr i kolet eller tjøra. Då må temperaturen senkast. Det gjer ein ved å minke lufttilgangen. Om det brenn med open flamme, må det leggast på torv, og gjerne kastast på våt sagflis. Det kan og brukast moderne isolasjonsmatter, som er lette å handtere. Er ein uheldig og misser kontrollen over elden, kan heile mila brenne opp, og ein får ikkje det forventa tjøreutbyttet. Det er særleg fare for dette om vinden vert sterk. Ved gulgrå røyk er temperaturen god.[2] Er varmen for låg, tek ein vekk torv, så det vert betre trekk.

Tjøra[endre | endre wikiteksten]

Etter tre til fem timar vil første tjøra kome i renna. Dei første literane er tyntflytande og inneheld mykje vatn og terpentin. Dette vert samla i eit kar for seg. Den rette tjuktflytande tjøra kan og variere i konsistens og farge etter som utvinninga skrid fram. Mila vil gi tjøre i fleire døger. Ho vet etter kvart lågare. Mot slutten av brenninga kan ein del kol ytst i mila takast vekk, slik at ein er sikker på at varmen når inn til midten.

Når det ikkje kjem meir tjøre, dekkjer ein mila godt til og har på vatn. Då driv ein ut siste tjøreresten.

Etter endt brenning ligg det att store mengder trekol. Det har vorte rekna som svært verdfullt, og har vorte teke godt vare på.

Av norsk furuved kan tjøremengda verte 20-25 % av tørrvekta til veden. Ein m³ veg om lag 280 kg, noko som gir kring 60 kg tjøre.[4] Med ein tettleik på om lag 1,2 tilsvarar det 50 liter.

Når tjøra står ei tid skil ho seg. Øvst vert eit lag terpentin, under eit lag tjørelóg, og nedst den reine tjøra. Tjørelogen er samansett av organiske syrer, og har låg pH-verdi.[2] Før tjøra vert brukt eller går i handelen, vert terpentin og tjørelóg skild frå.

Brenning i tjøregrav[endre | endre wikiteksten]

Ei tjøregrav, og kalla langdal, er ei stor grøft i hallande terreng. I enden av grøfta er ei treplate. Ho har hòl for uttapping av tjøra. Liksom ved milebrenning vert botnen av grav tetta. Ho vert fylt, gjerne med ein låg haug, av spik frå fururøter. Over grava vert det lagd never, jord og torv, så det vert heil tett. Ho vart tend i øvre ende, slik at varmen spreidde seg nedover.[1]

Brenning i gryte[endre | endre wikiteksten]

Har ein lite spik kan ein brenne i ei gryte. Den finspikka veden vert sett loddrett mot grytebotnen. Ein slår inn siste spika til det ikkje er plass til meir. Underlaget er ein glatt stein med hòl i botnen. Gryta vert snudd opp ned over steinen. Rundt kanten vert tetta med jord eller leire for å hindre lufttilførsel. Over gryta vert det lagd tørr ved. Spiket i gryta vert oppvarma og gir frå seg tjøre.

Minimile[endre | endre wikiteksten]

Ein variant av brenning i gryte er minimila. Ho vert laga ved hjelp av to metallboksar. Den eine grev ein ned i bakken med opningen opp. Over opningen vert det plassert ei jarnplate med hol i. Den andre boksen vert stappa full av findelt spik, med mykje harpiks. Den fulle boksen plasserer ein opp ned over holet i jarnplata. Rundt kanten tettar ein med jord. Rundt boksen vert det bygd eit bål, som ein kveikjer i toppen.

Ved bruk av éin liters boksar bør bålet brenne om lag ein halv time. Spiket i den øvre boksen har då vorte forkola. I den nedgravne boksen har det samla seg litt tjøre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Margrethe Høeg: Tjærebrenning i Nord-Noreg i Arctandrias skrifter nr 3 (1989)
  • Lars Longva: Tjørebrenning på Pollmoen i Syft og Skaut Nr 1 1998 (Sykkylven 1998)
  • Inger Marie Egenberg: Tjærebrenning i mile i Fortidsvern nr. 4 1993
  • Inger Marie Egenberg: Milebrent tyritjære i Kysten Nr 2005

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 M. Høeg 1989
  2. 2,0 2,1 2,2 L.Longva 1998
  3. I.M.Egenberg 2005
  4. 4,0 4,1 I.M.Egenberg 1993