Tjøttfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjøttfjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Tjøttfjorden
65°47′23″N 12°21′45″E / 65.78982694°N 12.36236611°E / 65.78982694; 12.36236611

Tjøttfjorden (og skrive Tjøttafjorden) er ein fjord i Alstahaug kommune i Nordland. Han ligg på vestsida av Mindlandet og strekkjer seg 12 km nordaustover til øya og tettstaden Tjøtta.

Fjorden startar i sør mellom Mindværet i aust og Grønøyskjeran i vest. Sør for Mindværet ligg Mindværfjorden og aust for Mindlandet ligg Stokkafjorden. Aust for Tjøtta og nordaust for Tjøttfjorden går Vefsnfjorden nordaustover.

I vest grensar Tjøttfjorden til Sandvær og Skosvær. Frå Tjøtta går det ferje sørover fjorden til Igerøya og austover til Mindtangen på Mindlandet og til Trolandet.