Tjasmyn
Utsjånad
| Tjasmyn Тясмин | |||
| elv | |||
Tjasmyn | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 4 570 km² | ||
| Lengd | 164 km | ||
| Kjelde | Kirovohrad oblast, Tsjerkasy oblast | ||
| Munning | Krementsjukreservoaret, Dnepr | ||
![]() Tjasmyn 49°03′55″N 32°48′13″E / 49.0653°N 32.8036°E | |||
| Wikimedia Commons: Tiasmyn River | |||
Tjasmyn (ukrainsk Тясмин) er ei høgre sideelv til Dnipro i Ukraina.[1] Tjasmyn spring ut nord i dei sentrale områda av Dnepråsane i Kirovohrad oblast. Frå der renn ho gjennom Tsjerkasy oblast, før ho munnar ut i Krementsjukreservoaret.[2] Elva er kring 160 km lang,[2] men dannar ein U-sving halvvegs i leia si. I luftline ligg kjelda og munningen til elva derfor berre 33 km frå kvarandre.
Byar langs elva er mellom andre Kamjanka, Smila og Tsjyhyryn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «День Дніпра! | ckovr.gov.ua». ckovr.gov.ua. Henta 2022-12-05.
- 1 2 «Тясмин», bse.sci-lib.com, henta 2024-04-22
- Denne artikkelen bygger på «Tiasmyn River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2012.
