Tjednbarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Tjednbarden er mykje nytta i Buskerud og Valdres. Slåtten er lett attkjenneleg, og i Hallingdal er dette ein av dei få slåttane mest utan ristetak. I Hallingdal er slåtten rekna som ein særs god danselått.

Namnet Tjednbarden skriv seg frå Gol, frå ein gard som elles er kjend som Kinneberg. Slåtten skal vera knytt til denne staden. I Numedal er han kjend som Jarand Surtelia (spela av Olav K. Bratås), og i Valdres under namnet Låtten hass Svein i Sygarde (mellom anna etter Torleiv Bolstad). Slåtten har truleg opphav i nedre Numedal eller i Krødsherad, der den knappaste forma er å finne. I Telemark finst slåtten i tradisjon etter Johannes Dale, som mest truleg fekk slåtten gjennom farfaren Knut Dale, som møtte spelemenn frå Numedal. Melodien i slåtten har noko likskap med tona til Å kjøre vatn å kjøre ved.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har registreringsnr 515 i Hardingfeleverket. Alle slåttane går attende på same grunnforma. Dei tre formene frå Ål er alle frå same kjelda, Ola Dekko. Slåtten kan ha kome til Hallingdal frå Krødsherad, noko som og gjeld for valdresforma. Alle hallingdalsformene har elles eit opningstak som ikkje er nytta i Numedal og Krødsherad. Dette taket finst og i Valdres i variert form, noko som kunne tyde på at slåtten har vandra til Valdres gjennom Ulrik Jensestogun, som og nytta slåtten.