Tjeldsundbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjeldsundbrua

Typehengebru, vegbru
StadHarstadTjeldsund
Opna22. august 1967
StrekningEuropaveg 10
Lengd1 001 meter
Fri høgd41 meter
Største spenn290 meter
KryssarTjeldsundet
Materialestål
TransportererE10
Kart
Tjeldsundbrua
68°37′42″ N 16°34′43″ E

Tjeldsundbrua er ei vegbru som knyter Hinnøya til fastlandet. Ho strekkjer seg over Steinslandsstraumen frå Leikvikhamn på Hinnøysida til Steinsland på fastlandet.

Hengebrua er ein del av europaveg 10. Ho er 1007 meter lang, med hovudspenn på 290 meter. Seglingshøgda er 41 meter, og brua har i alt 32 spenn. Brua vart opna kong Olav V den 22. oktober 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste regelmessige skyssambandet over Steinslandsstraumen tok til i 1911, då Ole Arntsen på Steinsland starta båtsamband mellom Steinsland og Lilleng og Leikvik på Hinnøya. I 1930 vart det etablert bilferjeselskap, og båten «Prillarguri» frå Harstad vart innkjøpt og omdøypt til «Tjeldsundfergen 1». Denne ferja var i drift til 1938, og etter henne kom «Tjeldsundfergen 2» og «Tjeldsundfergen 3». Ferjekaiene på Lilleng og Steinsland vart bygde i 1937-38 og modernisert på 1950-talet.

Ein komité for bru over Tjeldsundet vart stifta 23. februar 1953. Planlegginga av brua tok lang tid, ikkje minst fordi det var strid om kor stor seglingshøgd brua måtte ha. I 1958 godkjende hamnedirektøren at brua kunne byggjast med 40 meters seglingshøgd, men den etterfølgjande hamnedirektøren kravde i 1963 at bruhøgda måtte vere 50 meter. Tidleg året etter gjekk hamnedirektøren so med på 41 meters høgd.

Tjeldsundbrua sett mot fastlandet.

Byggjearbeidet byrja i april 1965. Etter dei opphavlege planane skulle brua stå ferdig hausten 1968, men arbeidet vart forsert slik at brua kunne opnast 22. oktober 1967. Tjeldsundbrua vart betalt med bompengar, og bompengeinnkrevinga opphøyrde 30. juni 1981. Dei siste åra var bruavgifta for ein personbil sju kroner.

Ferjekaiane på Lilleng og Steinsland, nokre hundre meter sørom Tjeldsundbrua, finst enno. Dei er foreslegne verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[1] Ei av ferjene, Tjeldsundfergen 2, er i dag i bruk som partybåt i Oslofjorden.

I periodar med sterk vind kan brua verte stengd. Nokre vintrar har det vore naudsynt med kolonnekøyring over brua. Det er vindmålarar på begge sidene av brua.

I Samferdselsutredning for nordre Nordland/Sør-Troms som vart lagd fram 3. november 2006 av I Statens vegvesen, vert det foreslege å leggje ei framtidig bru over Tjeldsundet frå Sandtorg til Fjelldal, 10 km lenger sør.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Tore Forberg: Tjeldsundbrua - porten til øyriket. Tjeldsundbrua A/S 1983.
Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tjeldsundbrua