Tjelle-skredet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°45′58″N 007°52′07″E / 62.76611°N 7.86861°E / 62.76611; 7.86861 «Tjelle-skredet» var eit fjellskred som fann stad den 22. februar 1756. 15 million kubikkmeter stein rasa ut frå Tjellafjellet ved Tjelle i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Dette er truleg det største steinraset i Noreg, og det vert sagt til å vera eit av dei største steinskreda i Nord-Europa målt i volum rasmasse. Under rasulukka i Loen i 1936 rasa det, til samanlikning, ein million kubikkmeter rasmasse.

Raset ved Tjelle laga tre bølgjer som nådde opptil «50 skritt» over normalt flomål og som gjekk «200 skritt» innover land, der dei slo inn på andre sida av Langfjorden og vidare inn i Eresfjorden. Ifølgje Noregs Geotekniske Institutt merkte ein 25 km unna (på Veøy i Molde) seg at bølgja slo «20 skritt» høgare enn normalt flomål.

32 menneske omkom i raset og dei tre påfølgjande flodbølgene.

Det finst ei oppslagstavle i området der skredet gjekk som forbireisende kan lesa. Her er det òg sett ut benk for å nyta naturen rundt om i den austlege delen til raset. Det har no vorte sett opp ein bauta med informasjon om raset. Den 22. februar 2006 var det 250 år sidan raset gjekk, noko som vart markert med ei samling på Tjellefonna der fleire hundre menneske møtte opp.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]