Tjofjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå toppen av Tjofjell ser ein bygda Norddal i søraust.
Tjofjell sett frå vest. Vatnet i framgrunnen er Haukåvatnet.

Tjofjell er eit fjell som ligg like nordaust for Norddalsfjordbrua i Kinn kommune i Vestland. Fjellet er 350 meter høgt og avgrensa mot nord av den djupe Ulldalen, mot sør av Norddalsfjorden, mot vest av riksveg 614 og mot aust av Norddalselva.

Lende[endre | endre wikiteksten]

Beste tilkomst er frå traktorvegen mellom Norddalen og Litjevatnet. Frå høgste punktet på vegen går det tretrapper opp fjellhammaren. Vidare er det greit å ta seg fram, men stien er ikkje merka. Ein kan også gå frå vest, men det er tydeleg sti berre første halvdel av turen. Det er sidan best å halde seg langt nord på høgdedraget, der er lettast å ta seg opp. Tjofjellet er skogkledd opptil ca 300 meter. På vest- og sørsida er furuskog dominerande. På aust- og nordsidene fattig blandingsskog og myrdrag. Sjølve toppen er dominert av nakne svaberg og myr. Mot nord stenger den mykje høgare Ulldalsnipa for utsynet, elles er det god utsikt frå toppen, spesielt mot aust og vest. Mot sør ser ein rett ned på Norddalsøyna.