Tjuandedag jul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tjuande dag jul)
Del av ein primstav som viser juledagen markert med eit drikkehorn og tjugandedagen med to rette vinklar.

Tjugendag eller tjuandedag jul den 13. januar er den siste dagen av jula i nokre nordiske tradisjonar. Dagen er markert med øks, eit vendt drikkehorn, ei klokke eller ein sopelimeprimstaven.

Dagen er også kjend som knutsdag eller tjuandedag-Knut, etter helgenen Knut, som i munnhell «jaga», «feia», «dansa» eller «ringa» jula ut.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Knut Lavard var ein dansk prins som blei drepen den 7. januar 1131, truleg av syskenbarnet og rivalen sin Magnus Nilsson (som var vald til svensk konge i Västergötland). Knut blei seinare helgenerklært, og markert på dødsdagen sin, som var dagen etter trettandedagen 6. januar.[1][2][3] Dette var den tradisjonelle avsluttinga av jula, og knutsdagen var altså lenge den første kvardagen etter jul. Som kongelig helgen tilhøyrde Knut i mellomalderen, saman med Olav den heilage i Noreg og Erik den heilage i Sverige, dei mest populære helgenane i Norden.[2]

Knutsdagen blei verande på 7. januar i svenske almanakkar fram til 1600-talet. I Sverige og Finland blei dagen hans flytt til 13. januar i 1680. Tradisjonen med Knut som dreiv jula ut kan då ha flytta med han.[2][1][4] Dette er tjue dagar etter jul rekna frå juledag. Det gamle uttrykket «Knut driver julen ut» følgde også med.[2] Men Alf Henrikson meiner feiringa av Knut den 13. januar like mykje kan koplast med farbroren til prins Knuts, Knut den heilage.[5] Denne helgenen har minnedag 19. januar, og dei nærliggjande datoane gjer at ein kan lett ha forveksla dei to heilage Knut-ane.[5]

I dei fleste land er julefeiringa slutt trettandedagen, medan juletida i kyrkjeåret varer heilt fram til kyndelsmesse. Kvifor ein feirar tjuandedagen som ein avsluttingsdag er usikkert. Ein kan til dømes tenka seg at 13. januar er oktavdagen til trettandedagen og dermed ein symbolsk dag.

Frå 1720 til 1766 vart dagen helga med takkegudsteneste, Festo eucharistias, til minne om at den store nordiske krigen tok slutt 13. januar 1719.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Øksa på primstaven viser til korleis Knut Lavard blei drepen. Drikkehornet viser til at ein drikk ut jula, klokka til at ein ringer henne ut, og sopelimen til at ein feiar all spor etter høgtida vekk.

Eit vêrteikn knytt til dagen seier at snør det denne dagen, vil det koma minst 20 snøfall før sommardag.

Denne dagen skulle det ikkje spinnast, for då kunne dyra komme til å gå rundt og rundt til dei strauk med.

Skikk og bruk[endre | endre wikiteksten]

Julknutar/knutgubbar i Bohuslän i 1922.

Dagen er blitt feira som ei juleavslutting fleire stader i Noreg, Sverige og Finland. Dagen var kjenneteikna av at ein ikkje lenger heldt store julefestar.[1] Ofte var det tradisjon at ein skulle eta opp all julematen.[6]

Tjuandedagen kunne til dømes markerast gjennom å gå gjennom huset med ein sopelime og feia jula ut (kjend frå Vest-Agder), eller ved å kasta opp alle øltønnene frå kjellaren og tømma dei, ta smørspannet av bordet og dansa natta gjennom (Setesdal).

I Noreg kunne ein også feira «kjerringjuledag» på tjuandedagen. Men denne feiringa blei oftare lagd til den aller siste dagen i julehøgtida, kyndelsmesse den 2. februar.

I nokre svenske område, som Värmland og Åland, går ein julebukk, kalla «knutgubbar» eller «gå skråbock», på tjuandedagen. I Gimo i Uppland held ein eit slags karneval gjennom byen, i ei feiring kjend som Knutmasso.[7]

I nyare tid er tradisjonar knytt til dagen juletreplyndring, å «kasta ut granen», og å rydda vekk julepynt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Axelsson, M: Varför tar julen slut vid tjugondag Knut? Arkivert 2017-07-11 ved Wayback Machine., bland annat citat av Ebbe Schön, publicerad 12 januari 2008, läst 7 januari 2012.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 af Klintberg, B: Namnen i almanackan (2005), ss 37-39 samt 13. ISBN 91-7227-426-3.
  3. Swahn, J-Ö: Svenska traditioner (2010). ISBN 978-91-85465-98-9. (Bland annat ett stycke om att tjugondagens placering är ett kärt tvisteämne bland folklorister, samt inledningen till avsnittet om trettondag jul.)
  4. Lindhagen, Arvid: Huru länge har tjugondag jul burit namnet Knut? i Projekt Runeberg
  5. 5,0 5,1 Henrikson, Alf; Henrikson Stig: Alla årets dagar: en evighetskalender, AWE/Geber, Stockholm 1977 (swe). ISBN 91-20-05862-4 (inb.). Libris 7218894. 
  6. Axelsson, M: Tjugo dagar efter jul, publicerad 13 januari 2007, läst 7 januari 2012.
  7. Liby, Håkan: Uppland rustar till fest. ISBN 91-85618-67-5.