Tjuefemøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tjuefem-øring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjuefemøring avbilda saman med andre norske myntar på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Femogtjueøring eller tjuefemøring er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1876 til 1982.

Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, ei riksløve, ei kongekrone eller fire kongemonogram mot kvarandre. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».

reversen hadde mynten teksten «25 øre» i ulike variantar, før mynten frå 1958 til 1973 hadde biletet av ein kjøtmeis og teksten 25 øre-Norge.

Frå 1924 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskiljemynt med hol midt i mynten. Eldre skiljemynt i koparnikkel fekk utstansa hol i ettertid.

Norske tiørar
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar
Oskar II sølv 2,42 g 1,45 1876-1904
Håkon VII sølv 2,42 g 1,45 1909-1919
Håkon VII koparnikkel 2,40 g 1920-23,1924-41, 1946-50, 1952-57
Okkupasjonsmynt sink 1,25 g 1943-1945
Håkon VII nikkelmessing 2,40 g 1942
Olav V koparnikkel 2,40 g 1958-1973 Per Palle Storm
Olav V koparnikkel 1,50 g 1974-1982 Øivind Hansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]