Tjukkhornsau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjukkhornsau
Tjukkhornsauhann
Tjukkhornsauhann
Tjukkhornsauhoe
Tjukkhornsauhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tjukkhornsau
Utbreiinga av tjukkhornsau
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Ovis
Art: Tjukkhornsau O. canadensis
Vitskapleg namn
Ovis canadensis

Tjukkhornsau (Ovis canadensis) er ei storvaksen villsauart som lever i Nord-Amerika. Arten er kjenneteikna av svært tjukke horn hjå hannen. Desse er slirehorn som veks opp frå fremre del av skallen i ein nedgåande, framovervend skru langs sidene av hovudet. Horna kan vega opptil 14 kg, medan sauene sjølv kan bli opptil 140 kg.[1]

Tjukkhornsauen kom til Nord-Amerika frå Asia over landbrua som ein gong gjekk over Beringsundet mellom Alaska og Sibir. Ein gong fanst det fleire millionar sauar i Nord-Amerika, og dyra var ein del av urfolksmytologien. Etter at europearar kom til verdsdelen blei talet på dyr kraftig redusert gjennom innførte sjukdommar og overbeskatting, og i 1900 var det berre nokre tusentals dyr att.[2]

Nylege genetiske testar tyder på at tjukkhornsau har tre distinkte underartar. Ein av desse er truga; O. c. sierrae frå Sierra Nevada. Tjukkhornsauen er verdas største sau, og ein av underartane kan i nokre høve bli over 200 kg.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

På sitt største var talet på dyr i Nord-Amerika fleire millionar. Som amerikansk bison (Bison bison) var arten nær ved å døy ut grunna den europeiske koloniseringa av Nord-Amerika. Sjukdommar innførte i lag med tamsau som tjukkhornsauen ikkje var motstandsdyktig mot og uregulert jakt bidrog begge til ein kraftig tilbakegang.[2]

Kring 1900 var det berre nokre få tusen individ att. Dyra overlevde takka vera innsats frå den dåverande amerikanske presidenten, Theodore Roosevelt. Nokre underartar døydde likevel ut, som O. c. auduboni i Black Hills. Utover på 1930-talet skaut vernearbeidet fart, og talet på dyr auka att. I dag finst det nær 70 000 individ, og arten er rekna livskraftig,[3] sjølv om ein av underartane i Sierra Nevada er rekna som sterkt truga av utrydding.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tjukkhornsauen høyrer til slirehornsdyra, det vil seia at han har horn som ikkje blir felt årleg. Han har fått namn etter dei store tjukke horna til verane. Horna veks opp på fremre del av skalletaket og skrur nedover og framover langs sidene av hovudet. Godt vaksne verar kan ha horn med meir enn full skru, men for utviklinga speler også genetikken inn. Ikkje alle godt vaksne verar får horn med full skru. Hoene har også horn, men desse er mykje mindre og skrur ikke, medan dei har ein viss boge.

Arten varierer i farge frå lys brun og gråbrun, til mørk sjokoladebrun. Mulen, buken og baken er kvit. Tjukkhornsauen viser betydeleg kjønnsdimorfisme, der hannen kan bli dobbelt så stor som hoa. Hannane veg typisk kring 58–143 kg og blir cirka 91–104 cm i skulderhøgd. Kroppslengda utgjer normalt 180–200 cm. Einskilde individ kan bli større enn dette. Hornet til hannen i seg sjølv kan vega opp mot 14 kg eller meir, altså meir enn resten av beina i kroppen til saman.[4] Hoene veg typisk kring 34–85 kg og blir cirka 76–91 cm i skulderhøgd. Kroppslengda utgjer normalt 140–170 cm.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tjukkhornsauen finst berre i Nord-Amerika og lever i dag Rocky Mountains, frå sørlege Canada til Colorado i USA. Ein underart (O. c. nelsoni) lever dessutan i ørkenlandskapet i Nevada og California til Vest-Texas og sørover inn i Mexico.[4]

Tjukkhornsauen er eit utprega fjelldyr som trivst på alpine grassletter og i grasrike og steinete fjellskråningar omgjevne av klipper og fjell. Han føretrekk område der det årlege snøfallet ikkje er høgare enn 150 cm.[4] Ørkentypen trives imidlertid i et betydelig tørrere klima enn de to andre typene.[5]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Tjukkhornsau lever vanlegvis i små flokkar med 5–15 søyer, lamma deira, åringar og 2-åringar. Verane dannar mindre grupper, som regel med 2–5 individ. Om vinteren dannar søyene større grupper, som kan omfatta opp mot 100 individ.

Om hausten konkurrerer verane om retten til å para seg. Dette skjer gjennom regulære kampar, der verane smell horna mot kvarandre i farta på opp mot 30 km/t. Smellet etter samanstøytet er høyrleg på lang avstand. Kampane kan vara i opp mot 24 timar. Vinnaren er som oftast den største og kraftigaste veren i området. Konkurransedyktige verar er typisk 8 år eller meir, men verane konkurrerer gjerne frå 4-årsalderen.

Paringa føregår i november og desember. Hoa går drektig i 5–6 månader og føder normalt eitt lam. Lamma har lys, mjuk ull når dei blir fødde og har byrjande horndanning. I løpet av eit døgn kan lammet følgja mora over alt i terrenget. Det blir hjå mora i minst eitt år, av og til to år.

Tjukkhornsau i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Helleristing av tjukkhornsau i Moab i Utah.
Rocky Mountain Sheep eller Big Horn, Ovis, Montana måla cirka 1884 av Albert Bierstadt.

Tjukkhornsau var viktig for urfolk i dei vestlege nordamerikanske fjella (Rocky Mountains, Sierra Nevada, Black Hills og andre). Tjukkhornsau er eit av dei mest utbreidde motiva på helleristingar i dei vestlege statane av USA. Også tidlege europeiske nybyggjarar såg sauene som eit symbol på det barske livet i Vesten.[2]

I dag er Rocky Mountain-tjukkhornsau provinspattedyret til Alberta i Canada, og delstatsdyret til Colorado. Han inngår i symbolet til Colorado-avsnittet av den amerikanske statsetaten Parks and Wildlife.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bighorn Sheep». Ultimate Ungulate page. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Yoshida, Kate (January 6, 2014). «A Symbol of the Range Returns Home». New York Times. 
  3. Festa-Bianchet, M. 2008. Ovis canadensis. The IUCN Red List of Threatened Species 2008: e.T15735A5075259.
  4. 4,0 4,1 4,2 Ballenger, L. 1999. Ovis canadensis (On-line), Animal Diversity Web. Besøkt 2016-08-27
  5. Michael R. Buchalski, Benjamin N. Sacks, Daphne A. Gille, Maria Cecilia T. Penedo, Holly B. Ernest, Scott A. Morrison, Walter M. Boyce (16 February 2016). Phylogeographic and population genetic structure of bighorn sheep (Ovis canadensis) in North American deserts. Journal of Mammalogy, 97(3):823–838, 2016. DOI:10.1093/jmammal/gyw011.
  6. «Colorado State Symbols». Arkivert frå originalen den 8 July 2007. Henta 25. juli 2007.