Tjukknebbpirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjukknebbpirol
Tjukknebbpirol
Tjukknebbpirol
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Pirolfamilien Oriolidae
Slekt: Pirolar Oriolus
Art: Tjukknebbpirol O. crassirostris
Vitskapleg namn
Oriolus crassirostris

Tjukknebbpirol (Oriolus crassirostris) er ein mellomstor sporvefugl og ein medlem av pirolfamilien som er endemisk til øya São Tomé utanfor Gabon i Afrika.

Epitetet av det vitskaplege namnet crassirostris er latin og ei samansetting av crassus 'tjukk' eller 'tung'; rostris 'nebba'.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne pirolen har ei meir fargelaus fjørdrakt enn slektningane på fastlandet, og det brunraude nebbet er meir solid enn vanleg i slekta Oriolus. Hos hannar er hovudet og brystet svart, oversida er skittengrøn, undersida er lys grå med mørke strek. Han har òg ein svak, lys krage. Hoa er mindre kontrastrik med bleikare hovud og mørke strek på kinnet og nedover kroppssidene. Kroppslengda er ca. 23–24 centimeter.

Tjukknebbpirolar lever i skogshabitat, og held seg vekke frå plantasjar. Dei beiter einslege eller parvis i opp til 1600 moh. på frukt, frø og virvellause dyr. Dei kan vere med i fleirartsflokkar. Lætet er sett saman av varierande fløytetonar.

Storleiken på populasjonen er estimert til å ligge mellom 2500 og 10 000 individ og er trudd å vere minkande grunna øydelegging av det naturlege leveområdet på øya. Derfor blir status for arten vurdert som sårbar (VU) av IUCN.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Walther, B. og P. Jones (2020). Sao Tome Oriole (Oriolus crassirostris), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.satori1.01
Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 120. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Oriolus crassirostris. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. mars 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tjukknebbpirol