Tjuknehøvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjuknehøvel

Ein tjuknehøvel er ein maskin som vert nytta for å høvla material (tre) ned til ynskt tjukn. Maskinen er svært vanleg i trevareindustrien.

Slik fungerer ein tjuknehøvel[endre | endre wikiteksten]

Tjuknehøvelen fungerer slik at du matar materiala inn i den eine enden, deretter vert dei høvla inni maskinen, før dei kjem ut på den andre sida.

Tjukneinnstillinga[endre | endre wikiteksten]

Maskinen kan stillast inn på ulike tjukner ved å heva eller senka bordet som materiala vert mata inn på. Sjølve utføringa av dette kan variera frå maskin til maskin, men dimensjonen kan lesast av på ein skala. Vel å merka lyt ein ikkje høvla bort meir enn 2-3 millimeter om gongen. Skal ein høvla ned meir lyt ein heller senda materiala gjennom maskinen fleire gonger.

Framdrift[endre | endre wikiteksten]

Materiala vert førte gjennom maskinen med framdriftsvalsar. Over materiala syter innmatingsvalsen og utmatingsvalsen for å få materiala inn og ut av maskina, medan undervalsane i sjølve bordet syter for at friksjonen vert minst mogleg.

Stabilitet[endre | endre wikiteksten]

For at materiala ikkje skal klapra eller vibrera, er tjuknehøvelen utstyrt med to trykkføter. Ein framfor kuttaren og ein bakfor. Dei står tett inntil kuttarhovudet, og fungerer dimed òg som sponskjermar.

Skjeringa[endre | endre wikiteksten]

Sjølve høvlinga er det kuttaren som står for. Kuttaren er rund, og kan ha 2-4 stål. Høvlinga skjer ved at kuttarhovudet roterer, og dimed vert trevirket høvla når ståla tek nedi materialet.