Tlstá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tlstá
fjell
Tlstá a Ostrá (Veľká Fatra).jpg
Fjella Tlstá (venstre) og Ostrá (høgre)
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Store Fatra
Høgd 1 373 moh.
Geologi kalkstein, dolomitt
Koordinatar 48°56′28″N 19°05′22″EKoordinatar: 48°56′28″N 19°05′22″E
Wikimedia Commons: Tlstá (Veľká Fatra)

Tlstá er eit fjell i Bralná Fatra-delen av Store Fatra i Slovakia. Det har ei høgd på 1373 meter over havet og stig nesten 1000 meter opp frå botn av Turiecdalen. Fjellet har kuperte fjellsider med mange tindar og knausar nedanfor ein grasskledd fjelltopp. Med godt bevarte skogar, sjeldne planter og mange karstgrotter har fjellet og området rundt vore ein del av eit nasjonalt naturreservat sidan 1981, som dekkjer eit område på 30,66 km². I lag med nabofjellet Ostrá og Gaderdalen mellom dei, er dei eit av dei mest naturskjønne områda i Store Fatra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]