Toåa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Toåa er ei elv som renn gjennom dalføret Todalen i Surnadal kommune og har utspringet sitt i Tovatna (756 moh.) i den vestlege delen av Trollheimen. Toåa renn stort sett i nordvestover og får tilløpet sitt frå fleire elvar før ho renn ut i Todalsfjorden.

Toåa har ei lakseførande strekning på om lag 8 km, frå elveutløpet og opp til Storfossen.

Elva er verna med omsyn til Verneplan III for vassdrag.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.