To Kill the Child/Leaving Beirut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To Kill the Child / Leaving Beirut
Singel av Roger Waters
A-side

To Kill the Child

B-side

Leaving Beirut

Sjanger Progressiv rock
Selskap Columbia Records
Sony Music Japan (CD5)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Roger Waters og Nick Griffiths
Roger Waters-kronologi 
What God Wants, Part 1
(1992)
To Kill the Child / Leaving Beirut Hello (I Love You)
(2007)


«To Kill the Child»/«Leaving Beirut» er ein singel frå 2004 berre gjeven ut i Japan skriven og framført av Roger Waters.

«To Kill the Child»[endre | endre wikiteksten]

Den første songen har ein open tekst om eit barn som søv i «lyset frå Donald Duck-lampen sin»,[1] , ein referanse Waters nytta i songen «The Tide Is Turning». Waters spør så kvifor ein kultur som hovudsakleg er oppteken av luksus, forbruk og uviktige verdiar kan «drepe barnet», som er ein referanse til synet hans om korleis krigane vert drivne for å tilfredsstille masseproduksjon og paranoia, uansett kven som vert drepen. Songen endar med ei bøn om å verne born frå krosstog-førande «bigots and bully boys / Slugging it out in the yard.»[1]

«Leaving Beirut»[endre | endre wikiteksten]

Det andre sporet på singelen er 12 og eit halvt minutt lang. Det meste av teksten til songen kjem frå ei novelle om då Waters haika i Libanon som tenåring. Desse passasjane, sagt som ein monolog over ein fallande synthesizerostinato med eit refreng som syner reaksjonen til Waters på at USA og Storbritannia var involvert i irakkrigen. Waters har spelt songen på alle konsertane sine under The Dark Side of the Moon Live-turneen og erstatta den talte teksten med ei grafisk novelle på den store skjermen bak scenen.

Kontrovers og kritikk[endre | endre wikiteksten]

Waters fordømmer George W. Bush (ein stad i teksten syng han «that Texas education must have fucked [him] up»)[2] og han fekk negative reaksjonar frå publikum under konserten hans i New Jersey den 6. september 2006, i Madison Square Garden i New York City den 12. september 2006 og i Tampa i Florida den 19. mai 2007, medan publikum jubla stort den 5. oktober 2006 i Hollywood Bowl. Òg andre stader i USA fekk songen positive reaksjonar, men særleg då han vart spelt andre stader i verda som Mumbai og Dubai.[3]

Mange tilhengjarar har slutta seg til tekstinnhaldet, som er sympatisk mot folket i Libanon, medan andre har vore usamde i den politiske ståstaden til Waters.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 To Kill the Child lyrics, arkivert frå originalen 28. mai 2007, henta 7. mars 2011 
  2. Leaving Beirut-tekst, arkivert frå originalen 5. november 2006, henta 7. mars 2011 
  3. Ian Ritchie's tour blog