To Try for the Sun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To Try for the Sun
Singel av Donovan
frå albumet Fairytale
B-side

«Turquoise» (US)

Utgjeve Januar 1966 (US)
Sjanger Folk
Lengd 2:44
Selskap Hickory 45-1402 (US)
Låtskrivar(ar) Donovan
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Donovan-kronologi 
«You're Gonna Need Somebody on Your Bond»
(1965)
To Try for the Sun «Josie»
(1966)


«To Try for the Sun» er ein song skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. Han vart gjeven ut på singel i USA med «Turquoise» som B-side i januar 1966 på Hickory Records (Hickory 45-1402).

Midt i ein kontraktsstrid mellom Pye Records og Epic Records, mista Donovan kunstnarisk kontroll over utgjevingane til Pye i USA. Distributøren til Donovan sitt Pye Records var Hickory Records og ønskte ikkje å gje ut den fjerde singelen til Donovan, «Turquoise», og valde i staden eit tidlegare albumspor, «You're Gonna Need Somebody on Your Bond». Songen vart den første Dononvan-singelen som ikkje gjekk inn på singellista i USA.

Songen omhandlar ungdomstida hans i Hatfield med venen Gypsy Dave.

Tidleg i 1966 vart det klart at Epic Records fekk kontroll over alle dei nye Donovan-utgjevingane i USA. Hickory Records fekk ha rettane til å gje ut det Donovan hadde gjeve ut på Pye Records og gav så ut fleire singlar og album som konkurrerte med katalogen på Epic Records. Før det kom noko nytt på Epic Records gav Hickory Records ut «To Try for the Sun». Songen vart opphavleg gjeven ut på Fairytale og sjølv om han hadde den britiske singelen «Turquoise» som B-side, gjekk han ikkje inn på listene.

Lindsey Buckingham spelte songen på albumet sitt Under the Skin i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]