Tobeltelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tobeltelo
Tobeltelo Foto: Rich Keen / DPRA
Tobeltelo
Foto: Rich Keen / DPRA
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tobeltelo
Utbreiinga av tobeltelo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: Tobeltelo C. vociferus
Vitskapleg namn
Charadrius vociferus

Tobeltelo (Charadrius vociferus) er ein mellomstor fugl i lofamilien som lever i Amerika. Slektsnamnet Charadrius er eit seinlatinsk ord for ein gulaktig fugl nemnt i Vulgata-Bibelen frå det fjerde hundreåret. Det stammar frå gamle greske kharadrios for ein fugl funne i ravinar og elvedaler (kharadra, «kløft»). Den spesifikke artsnamnet vociferus er latin og kjem frå Vox: «gråte» og ferre: «å bere».[1]

Dei vaksne fuglane har brun rygg og venger, kvit buk og kvitt bryst med to svarte band. Overgumpen er oransje. Andletet og hetta er brun med ei kvit panne. Augeringen er oransjeraud. Ungane er reirflyktarar - i stand til å røre seg rundt umiddelbart etter klekking. Tobeltelo brukar ofte ein avleiingsmanøver mot predatorar nær reiret.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne tobelteloer varierer i lengd frå 20-27 centimeter med eit vengespenn gjennomsnitt på ca. 61 cm. Kroppsvekta kan variere mellom 72 og 121 gram.[2]

Tobeltelo har eit karakteristisk stort, rundt hovud, lang hale til lo å vere, lange, hudfarga bein og lange venger. Nebbet er kort, mørkt, og tjukt. Fjørdrakta er brun på oversida og kvit på buken og brystet; halsen er òg omgjeven av ein kvit krage. To store, mørke band omgjev det øvre brystet med eit ekstra band plassert på hovudet, som strekkjer seg over både panna og området over nebbet, det går òg rundt baksida av hovudet. Halen er brun med eit svart etterfølgt av eit kvitt endeband. Dei ytre halefjørene er kvite. Karakteristisk for arten er den fargerike raudoransje overgumpen som er synleg under flyging, samt kvite vengstriper som dei syner under flyging. Kjønna er nokså like, hofuglar har meir brunskjær i brystbelta, der hannfuglar har meir komplett svart farge. Ungfuglar liknar vaksne utan hekkedrakt, manglar dei brungule fjørkantane. Desse fuglane et hovudsakleg insekt.

Underarten C. v. peruvianus i Sør-Amerika skil seg frå nominatforma med trongare opning mellom dei mørke banda på brystet og med meir raudleg rygg. Denne forma er òg litt mindre enn nominatforma.[2]

Egg

Hekkeområdet er frå Alaska i nord gjennom det meste av Nord-Amerika sørover til sentrale Mexico og Karibia. Dei overvintrar i USA, Sentral-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Ein underart lever året rundt langs kysten av Ecuador og Peru.[2]

Hekking føregår på tørre, opne område der vegetasjonen er kort eller fråverande, inkludert landbruksområde og enger. Om vinteren lever tobelteloer òg på kystnære våtmarksområde og strender.

Reiret er berre ei grunn senking i bakken, omgjeve av nokre steinar og strå.[3] Det er godt kamuflert, ved at steinar liknar dei flekka egga, og den enkle reirstrukturen liknar omgivnadene.[4] Til likskap med mange andre vadarar, er tobelteloungar reirflyktarar og er i stand til å sjå og finne føde på eiga hand straks etter klekking. Ved reirplassen har tobelteloer ei oppvising for å leie bort predatorar når dei blir uroa. Dette inneber at fuglen går bort frå reirplassen, held ein veng i ein posisjon som simulerer ein skade, og deretter flakser rundt på bakken. Predatoren vil bli tiltrekt av denne tilsynelatande skadde fuglen og ført bort frå reiret.

Fuglane i nordområda er flyttfuglar og overvintrar så langt sør som nordlege Sør-Amerika. Underarten peruvianus er trudd å vere standfugl.

Streiffuglar kjem år om anna til Vest-Europa, vanlegvis seint på året. Eit individ vart observert på Jomfruland ved Kragerø den 10. april 1974.[5]

Den globale populasjonen av tobeltelo er rekna å vere over ein millionar individ, men minkande.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 99, 404. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Wiersma, P., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2016). Killdeer (Charadrius vociferus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. juni 2016
  3. Hiller, Ilo (2008). «Killdeer». Texas Parks and Wildlife Department. Henta 1. mars 2011. 
  4. Porter, Diane (1997). «The Precocious Killdeer». Birdwatching.com. Henta 28. mai 2010. 
  5. Viggo Ree, 1976, Rapport fra NNSK's virksomhet april 1976 - april 1976 Sterna 1976 (3): 118
  6. BirdLife International (2016) Species factsheet: Charadrius vociferus. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. juni 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tobeltelo