Toblach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

46°44′08″N 12°13′25″E / 46.73556°N 12.22361°E / 46.73556; 12.22361

Toblach

Toblach (tysk uttale «tå:blaX») eller Dobbiaco (italiensk uttale «dåbiakå») er ein tettstad og ein kommune med i kring 3 300 ibuarar, i Sør-Tirol i det nordlege Italia.

Toblach er den høgstliggjande kommunen i Pustertal, og Toblacher Feld utanfor landsbyen markerer difor vasskilet mellom Middelhavet (dit elva Rienz renn vestover via Etsch) og Svartehavet (Drau austover via Donau). Grunna den naturvakre plasseringa rett nord for Haunold-gruppa i Dolomittane er Toblach eit populært feriemål for både sommar- og vinterturistar.

Området rundt Toblach har vore busett minst sidan jernalderen. Sjølve byen er nemnd fyrste gongen i 827. I mellomalderen profitterte han på handelen mellom Venezia og Augsburg. Ei viktig handelsrute mellom desse to europeiske storbyane gjekk via Höhlensteintal, eit dalføre som munnar ut i Pustertal ved Toblach. På grunn av handelen var Toblach ein av dei tysktalande stadane i Sør-Tirol som hadde eit italiensk stadnamn (eksonym): Både Toblaco og Dobbiaco er dokumenterte former. Sistnemnde vart gjort til den einaste offisielle namneforma etter at Sør-Tirol i 1920 vart lagd under staten Italia. Den tyske forma vart tilléten att etter andre verdskrigen. I fylgje folketeljinga av 2001 var 86 % av folkesetnaden tysktalande. Resten snakka italiensk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]