Hopp til innhald

Tobo

Koordinatar: 60°15′31.399″N 17°39′32.936″E / 60.25872194°N 17.65914889°E / 60.25872194; 17.65914889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°15′31.399″N 17°39′32.936″E / 60.25872194°N 17.65914889°E / 60.25872194; 17.65914889

Bruksgatan i Tobo

Tobo er ein tettstad i Tierps kommun i Uppsala län i landskapet Uppland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 616 innbyggjarar.

Tobo har eit fotballlag saman med Örbyhus som heiter Töff. Tobo er eit gamalt industrisamfunn. I dag finn ein mellom anna ein pizzeria og ein kiosk på staden. Nøkkelharpisten Eric Sahlström er frå Tobo, og her ligg Eric Sahlström Institutet som held kurs i nøkkelharpe.

Tobo ligg langs Ostkustbanan, men mista ganske tidleg togtrafikken då banen blei flytta slik at han gjekk utanfor Tobo. Sidan 1994 har Tobo igjen hatt togtrafikk, etter at Upptåget stoppar ved den nye stasjonen like utanfor sjølve tettstaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]