Tobysj
Utsjånad
| Tobysj | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 6 610 km² | ||
| Lengd | 393 km | ||
| Kjelde | Timanhøgdene | ||
| Munning | Tsilma | ||
![]() Tobysj 65°29′35″N 51°00′36″E / 65.493056°N 51.01°E | |||
Tobysj (russisk Тобыш) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Tsilma frå venstre.
Ho er 393 km lang og har eit nedslagsfelt på 6610 km². Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i mai.
Dei største sideelvane hennar er Siabujakha og Sareda frå venstre og Bolsjoj Toman frå høgre.
Tobysj har utspring i Timanhøgdene nær grensa til Nenetsia nordvest i republikken Komi. Ho renn først sørvestover og så sørover. Nesten heile elva renn gjennom øydemark. Elva er svingete, særleg i dei nedre delane.
Tobysj munnar ut i Tsilmu litt etter Myla.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Тобыш (река)» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.
