Tofte i båt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tofte med bete.

Ei tofte er ein sitjeplass i ein mindre båt. Tofta ligg oftast på tvers av båten.

I gamle trebåtar finn vi toftene konstruerte på tre ulike måtar.

  • Tofta kan vere ein del av konstruksjonen i trebåten. Ho er festa til ripa på båe sider med eit toftekne. Tofta forsterkar då båten tverrskips. Dette finn vi ofte i austnorske båtar.
  • Under tofta kan det vere betar som bind saman båten og forsterkar han tverrskips.
  • Tofta kan ligge laus i båten og ikkje ha noko oppgåve i styrking av båten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]