Toise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Toise er ei gammal fransk måleining for lengd lik 1,949 meter. Han var delt i 6 pieds (fot) og 12 pouces (tommar) eller 12 lignes (strekar). Den franske standarden for lengd på 1600- og 1700-talet, Toise du Chatelet, var målt inn i trappa på festningstårnet Grand Chatelet i Paris, men var ved slutten av 1700-talet så nedslite og rusta at han vart erstatta av den nye normalen Toise de Perou. Denne vart brukt ved gradmålinga som vart lagt til grunn for avgjersla av arkivmeteren i 1799. I ein overgangsperiode (1812–39), der dei gamle einingane vart tilordna dei metriske, var ein toise sett lik 2 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Toise. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/toise.