Tokke kommune
- «Tokke» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Tokke (fleirtyding).
| Tokke kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Telemark | ||
| Adm.senter | Dalen | ||
| Areal | 984 km² | ||
| • land | 907 km² | ||
| • vatn | 77 km² | ||
| Folketal | 2 242 (1. januar 2026) | ||
| Målform | nynorsk | ||
| Ordførar | Jarand Felland (Sp) | ||
| Kommunenr. | 4034 | ||
![]() Tokke kommune 59°25′02″N 7°58′43″E / 59.417222°N 7.978611°E | |||
| Wikimedia Commons: Tokke | |||
| Nettstad: www.tokke.kommune.no | |||
Tokke kommune er ein kommune i Telemark fylke. Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i Telemark, og grensar til kommunane Vinje, Kvitseid, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle.
Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Mesteparten av kommunen er fjell. Høgaste punktet i kommunen er Kvannfjell på 1 537 moh. Elva Tokke renn mellom Åmot i Vinje og innsjøen Bandak i Tokke. Andre vatn i kommunen er Borsæ, Botnedalsvatn, Byrtevatn, Folurdvatnet og Skredvatn.
I Eidsborg ligg Vest-Telemark museum der ein mellom anna finn Eidsborg stavkyrkje.
Historie og økonomi
[endre | endre wikiteksten]Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida.
Det har vore gruvedrift i området sidan 1540, og ho gjekk føre seg i over 400 år. Koparmalmleia på Åmdals Verk vart funnen i 1689, og verket var i drift fram til 1945.
Kommunen har og store vasskraftressursar.
Kjende personar frå Tokke kommune
[endre | endre wikiteksten]- Anne Grimdalen (1899-1961), bilethoggar
- Eivind Groven (1901-1977), musikar og komponist
- Arvid Torgeir Lie (1938–2020), diktar[1]
Verd å vitja
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kvalshaug, Vidar (26. mai 2020), «Forfatter Arvid Torgeir Lie er død», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 24. juni 2020
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tokke kommune
- Historiske arkiv etter nåverande Tokke kommune på Arkivportalen
- Historiske arkiv etter tidlegare Lårdal kommune på Arkivportalen
- Historiske arkiv etter tidlegare Mo kommune på Arkivportalen

