Tokke kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°26′39.84″N 8°2′17.99″E

Tokke kraftverk
Tokke kraftverk.JPG
Tokke kraftverk
Foto: PeltonMan
Tekniske data
Plassering Tokke kommune, Telemark fylke
Eigar Statkraft
Etableringsår 1961/62
Fallhøgde 377 m
Aggregat Francisturbin
Installasjon 430 MW
Årsproduksjon 2140 GWh

Tokke kraftverk er eit vasskraftverk i Tokke kommune i Telemark fylke. Kraftverket blei sett i drift i 1961 og utvida i 1962. Det nyttar fallet på 377 meter frå Vinjevatn ned til Dalen ved Bandak. Overføringstunnelen mellom Vinjevatn og kraftverket er på 17 km.

Det er installert fire francisturbinar på totalt 430 MW, og midlere årsproduksjon er på 2 140 GWh. Magasinet Vinjevatn blir mellom 466 og 462 moh, og det får vatn frå Vinje kraftverk. Bygginga av kraftverket blei delfinansiert med lån i Verdsbanken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]