Tolga kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°24′54″N 10°59′38″E

Tolga kyrkje
kyrkje
Tolga Kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Tolga
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Østerdal
Sokn Tolga
Fellesråd Tolga
Type åttekant
Arkitekt John Eriksen Berg (byggm.)
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 15. november 1840
Klokker 1725 og 1898 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Preikestolaltar
Altartavle Kristoffer Guldbrandsen, 1870-åra
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1974
Sitjeplassar 400
Wikimedia Commons: Tolga kirke

Tolga kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1840 i Tolga kommune i Hedmark fylke.

Kyrkja har preikestolaltar og skal vere den siste kyrkja i landet som fekk det.[1]

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Byggmester Runar Aspaas, son av Svend Aspås som bygde Røros kyrkje, teikna Tolga kyrkja, medan byggmester John E. Berg frå Dalsbygda sto for byggearbeidet. Til bygginga gav Røros kobberverk i 1838 gratis ta ut 50 tylfter godt tømmer på rot. Tømmeret skreiv seg frå vindfall etter kraftig vind. Berg hadde frist på fem år på få kyrkja ferdig, men den var ferdig allereie i 1840.[2] Etter at Kobberverket hadde gjeve løyve om tømmer teikna Rasmus S. Aspås kyrkja. Stor-Elvdal kyrkje, oppført av faren Svend, var troleg utgangspunkt for kyrkja på Tolga.[3] Ifølge Vreim var Rasmus Aspås' teikningar «dilletantiske».[4]

På grunn av høg pris fekk ikkje Aspås oppdraget som byggmester. Oppdraget gjekk i staden til John Berg. Bygginga tok til 31. mars 1840 etter at gamlekyrkja var fjerna. Veggane var tømra heilt opp 30. april, tårnet vart reist 29. mai og 13. juli var taket tett. Åtte tømrarar, to snekkarar og ein smed deltok fast i arbeidet, i tillegg møtte 24 mann dagleg til pliktarbeid. John E. Berg gjorde små endringar i dei opphavelege teikningane. Kyrkja vart innvigd 15. november 1840.[5] Med pliktarbeid og gratis tømmer fekk bygda kyrkje uten store utlegg.[4]

Tidligere kirke[endre | endre wikiteksten]

Den førre kyrkja på staden vart oppført i 1688 i samband med at de i 1660-åra vart sett opp smeltehytte. Kyrkja var bygd i grovt tømmer, 18 alen lang og 12 alen breid. Den hadde kor i tilbygg og tårn over inngangen. Materialar frå dette bygget vart brukt om att i kyrkja oppført i 1840. På byrjinga av 1800-tallet var bygget nokså forfalle og restaurering ble vurdert. Rasmus Svendsen Aspås frå Røros var konsulent og han tilrådde nybygg. Folket i Tolga ønskte å utnytte vindfall i Kobberverkets skogar. Gamlekyrkje vart demontert 19-25. mars 1840. Bygningsdeler med flatskurd (treskjæring) er teken vare på i Sætergaards samlingar. Spiret vart funne i ein potetåker på 1900-tallet.[5]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tolga kirke 100 år. Den siste norske kirke som blev bygget med «prekestolalter». Aftenposten morgen, onsdag 22. mai 1940, side 2
  2. Tolga kirke 100 år. Den siste norske kirke som blev bygget med «prekestolalter». Aftenposten morgen, onsdag 22. mai 1940, side 2
  3. Pedersen, Svein Henrik: Kirkebygging i Søndre Trondhjems amts landdistrikter 1780-1851. En undersøkelse av lokal- og sentraladministrative forholds betydning for behandlingen av og holdningene i kirkebyggesaker. Hovedoppgave, 1992.
  4. 4,0 4,1 Vreim, Halvor (1939). Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal. 
  5. 5,0 5,1 Nesset, Trygve (1990). Tolga kjerke 150 år. Tolga: Tolga menighetsråd. ISBN 8299220106. 
Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.