Tolimadue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tolimadue

Status i verda: EN Sterkt truga

 Tolimadue 
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Familie: Columbidae
Slekt: Leptotila
Art: L. conoveri
Namn på andre språk
  • Engelsk: Tolima Dove
  • Vitskapleg namn
    Leptotila conoveri
    Bond & Meyer de Schauensee, 1943

    Tolimadue (Leptotila conoveri) er ein fugl i duefamilien, endemisk til Colombia med utbreiing i små oppstykka leveområde i Tolima-departementet, mest sikkert nær hovudstaden Ibagué.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Tolimadua er ei due med mange fargesjatteringar som har glidande overganger, men oversida er mørk brun. Undersida er lys brungul, brystet i rosa. Framhovudet har lys blå fargetone som glir over i mørk gråblå nakke. Eit identifiserande kjenneteikn er kvitt område mot enden av dei ytre halefjørene. Auga er kvite med raud ring, beina er lyseraude, nebbet svart. Denne dua har kroppslengd på mellom 22,5 og 25 centimeter. Lætet er ein einsleg 'ou'-tone kvart 7-8 sekund.

    Det mest kjente leveområdet er i Tolima. Tidlegare, og fram til 1952 var denne dua observert ved utspringet til Magdalena-elva i Huila-departementet. Ho skal òg ha vore observert i Cundinamarca-departementet i austlege Andes.[1] Det naturlege habitatet for tolimadua er opphavleg fuktig skog og krattskog mellom 1600 og 2255 moh., kanskje òg noko høgare. Dessutan lever ho i gjenreist sekundærskog, endatil har ho hatt reirplass i kaffitre og i buskar nær bustadområde. Klimatypen her i denne høgda er subtropisk.

    Tolimadua hekkar mellom mai og september i tre, lågt over bakken. Kvart kull er på to egg.

    Populasjonen er estimert til mellom 1000 og 2500 individ, og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er mangel på naturleg habitat. IUCN har klassifisert arten som sterkt truga, EN.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Baptista et al. (1997)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tolimadue