Toljatti
| Toljatti | |||
| Тольятти | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Samara oblast | ||
| Høgd | 90 m | ||
| Areal | 314,78 km² | ||
| Folketal | 662 683 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1737 | ||
| Postnummer | 445xxx | ||
| Retningsnummer | (+7)8482 | ||
| Bilnummer | 63, 163 | ||
![]() Toljatti 53°31′00″N 49°25′00″E / 53.516666666667°N 49.416666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Tolyatti | |||
Toljatti eller Togliatti (russisk Толья́тти) er ein by i Samara oblast i Russland. Han er det adminsitrative senteret i Stavropolskij rajon og har like over 660 000 innbyggjarar. Han er den største byen i Russland som ikkje er hovudstad i eit føderasjonssubjekt.
Han vart grunnlagd i 1737 som ei festning kalla Stavropol-na-Volge (russisk Ста́врополь-на-Во́лге) av den russiske politikaren Vasilij Tatisjtsjov. Under bygginga av Volga vasskraftverk i 1950-åra vart byen lagt under vatn av Kujbysjovreservoaret ved Volga og byen vart flytta og heilt bygd opp att på ein ny stad. I 1964 fekk byen namnet Toljatti (etter Palmiro Togliatti, ein minister i det italienske kommunistpartiet.
Toljatti er eit stort industrisentrum. Mest kjend er bilfabrikken Lada, den største bilfabrikken i Russland. Byen har òg maskin-, kjemi- og næringsmiddelindustri, seks universitet og høgskular, fleire museum, eit filharmoniorkester, teater og kulturhus. Han er òg kjend som ein idrettsby.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tolyatti» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2008.
