Toll-lik reseptor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til den toll-like reseptoren TLR3

Toll-like reseptorar (TLR-ar, etter tysk toll, 'storarta') er protein som kjenner att mikroorganismar når dei kjem inn i kroppen. Namnet kjem frå Toll-genet som vart identifisert i bananfluga (Drosophila melanogaster).

Toll-like reseptorar set i verk det medfødde immunsystemet og kan til dømes kjenna att lipopolysakkarid frå patogene bakteriar.

Frå menneske er det kjent minst 10 ulike Toll-like reseptorar med lengder på 700–1100 aminosyrer. Toll-like reseptorar er òg funne i rundmakken Caenorhabditis elegans og i planter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«toll-like reseptorer» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 20. desember 2016.

Spire Denne medisinartikkelen som har med biokjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.