Tollef Gjedrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tollef Gjedrem

Fødd11. desember 1857
Død7. juli 1950 (92 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Tollef Asbjørnsson Gjedrem (fødd 11. desember 1857) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsrepresentant frå Bjerkreim i Rogaland. Han var medlem av partiet Venstre.

Gjedrem var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han amtsskulen 1876/77 og deretter lærarskule i Flekkefjord. Frå 1881 var han lærar i heimbygda Bjerkreim i nær femten år. Han overtok farsgarden i 1885 og vart lensmann i Bjerkreim i 1896, ei stilling han hadde fram til 1923.

Gjedrem var ordførar 1894-96 i Bjerkreim, og hadde fleire kommunale og private verv. Han representerte einmannskrinsen DalaneStortinget frå 1906 til -21. Heile tida frå 1906 til -16 var han medlem av tollkomiteen, som sekretær bolken 1909-12 og som nestformann 1913-16. Medlem av jarnbanekomiteen ein større del av tida mellom 1918 og 1921. Siste valperioden på Stortinget var han medlem av utanrikskomiteen 1919-20, permittert i 1921, samt av fullmaktskomiteen 1919-21.

Frå 1921 til -32 var Gjedrem styrar av Noregs Bank si avdeling i Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]