Tom Barney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Barney
OpphavUSA
AktivSidan 1977
Sjangersoul, jazz, R&B, rock, pop
InstrumentBass
Tilknytte artistarMiles Davis, Steely Dan, David Sanborn, Dizzy Gillespie
Verka somMusikar

Tom Barney er ein USA-amerikansk bassist.

Barney vart kjend seint i 1970-åra som bassist på jazzalbum av Turk Mauro og Walter Davis jr., før han spelte for artistar som Chaka Khan, Judy Collins, Miles Davis, Bob Mintzer, Terumasa Hino, Jane Fonda, Dizzy Gillespie og Lonnie Liston Smith tidlg i 1980-åra. Sidan spelte han med Mike Stern, Mitchel Forman, Tania Maria, Grover Washington jr., Lillo Thomas, Ornella Vanoni, Teddy Pendergrass, Desiree Coleman, Regina Belle og filmmusikken til Michael Kamen for filmen Dødelig våpen 2.[1] American TV program)|Sunday Night/Night Music]] show.

I 1990-åra spelte han på innspelingar av Toshinobu Kubota, James Newton Howard, Alex Foster, Ronnie Cuber, Pierce Turner, Doc Powell, Bernadette Peters, Angelique Kidjo, Whitney Houston, Mary J. Blige, Lauryn Hill, Jennifer Lopez, Rosie O'Donnell og på Santana-albumet Supernatural.[2] Han var òg ei stund medlem av Steely Dan og spelte på Copenhagen Jazz Festival som ein del av David Sanborn Band i 1991.

Sidan 2000 har Barney spelt på innspelingar av Anastacia, Rod Stewart, Joss Stone, Trina Broussard og Toby Lightman. Frå 2008 til 2010 var han fast bassist i Las Vegas-musikalen The Showgirl Must Go On med Bette Midler og var sidan bassist i musikalen The Lion King i New York City.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Lonnie Liston Smith

Med Steely Dan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]