Tom Bukovac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Bukovac

Fødd20. desember 1968 (55 år)
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka somgitarist

Tom Bukovac (fødd 20. desember 1968) er ein USA-amerikansk studiomusikar og produsent. Han vart fødd i Cleveland i Ohio og voks opp i forstaden Willowick.[1]

Bukovac byrja å spele gitar seriøst då han var ti år gammal. Han var blitt eksponert for musikk gjennom ein bar mora dreiv og frå den eldre broren sin, Doug, som lærte han nokre enkle gitargrep. Systera Joyce introduserte han for musikkk som The Beatles. Som trettenåring spelte han med fleire lokale band.[1]

Han flytta til Nashville i 1992, der han byrja å spele for Tanya Tucker, Lionel Cartwright og andre. Han turnerte òg med Wynonna Judd, men i 1999 valde Bukovac å slutte turnélivet og spele som studiomusikar. Han er nominert ei rekkje gonger til prisar hos Country Music Association og Academy of Country Music. Han vann mellom anna ACM sin pris som årets gitarist i 2008 og 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Wardlaw, Matt. «Northeast Ohio Native Tom Bukovac Excited to Return to Town with Country Star Vince Gill». Henta 27. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]