Tom Egeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tom Egeland (fødd 8. juli 1959) i Oslo) er ein norsk forfattar og journalist. Han arbeider som nyhendesjef i TV2 og har fått utgjeve fleire kriminal- og spaningsbøker.

Egeland debuterte i 1988 med grøssaren Stien mot fortiden som handlar om eit moderne par som vert fanga i norsk vikingtid. (Denne boka vart gjenutgjeven i 2006 med tittelen Ragnarok).

Publikumsgjennombrotet kom med boka Sirkelens ende, om funnet av eit gullskrin som inneheld eit 2000 år gamalt manuskript som vil endre forståinga vår av Jesus og kristendommen. Fleire år etter utgjevinga av romanen påpeika meldarar og lesarar at romanen har store tematiske likheitstrekk med den internasjonale bestseljaren Da Vinci-koden, som kom ut i 2003, to år etter Sirkelens ende. Egeland har sjølv i intervju både i norske og internasjonale media kategorisk avvist at Dan Brown kan ha plagiert boka hans.

Tom Egeland er oldebarnet til folkediktaren Jon Flatabø. I eit intervju med Aftenposten fortalde Egeland at hovedpersonen Bjørn Beltø i Sirkelens ende er oppkalla etter to av pseudonyma til Flatabø: Bjørn Botnen og Sven Beltø.

I 2009 fekk han Rivertonprisen for Lucifers evangelium.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1988Stien mot fortiden (relansert i 2006 som Ragnarok)
  • 1993Skyggelandet
  • 1997Trollspeilet
  • 2001Sirkelens ende
  • 2004Åndebrettet
  • 2005Ulvenatten
  • 2007Paktens voktere
  • 2009Lucifers evangelium

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Tom Egeland» henta frå Bokmålswikipedia 4. juli 2005 og 11. november 2006.