Tom Hilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hilde i Holmenkollen i 2010

Tom Andre Hilde (fødd 22. september 1987) er ein norsk skihoppar frå Asker. Han fekk sitt store gjennombrot i hoppbakken i 2008-sesongen. Då vann han to renn i verdscupen, den tredje sigeren i verdscuprenn kom i 2011. Fire gongar i perioden 2007-11 har han vore med å vinne sølvmedaljar for Noreg i lagtevlingar under verdsmeisterskapane, han var og med i kvartetten som vann bronsemedaljar under vinter-OL 2010. Også i lagtvlinga under skiflygings-VM 2008 var han med å vinne bronsemedaljar. Femteplassen i normalbakken i VM 2011 er hans beste individuelle plassering i dei store meisterskapane. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 2010/11. Hilde representerer Asker Skiklubb.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2007 Sapporo: Nr 12 i storbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Roar Ljøkelsøy, Anders Bardal og Anders Jacobsen.
  • VM 2009 Liberec: Nr 16 i normalbakken. Med på laget som tok sølv, saman med Anders Bardal, Johan Remen Evensen og Anders Jacobsen.
  • OL 2010 Vancouver: Nr 11 og 12 i dei to renna. Med på bronselaget, som bestod av dei same fire som i VM året før.
  • VM 2011 Oslo: Nr 5 i normalbakken og 10 i storbakken. Han var saman med Anders Bardal og Anders Jacobsen med på begge sølvlaga. Bjørn Einar Romøren var den fjerde på laget i normalbakken. I storbakken var Johan Remen Evensen den fjerde norske hopparen.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Nr 6 i normalbakken i Heddal
  • 2007: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
  • 2008: Sølvmedalje i storbakken i Trondheim
  • 2009: Bronsemedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2010: Nr 4 både i normalbakken i Vikersund og i storbakken i Trondheim
  • 2011: Nr 6 i storbakken i Oslo

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar