Tom Lehrer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Lehrer

Statsborgarskap USA
Fødd 9. april 1928 (96 år)
New York by
Yrke songar-låtskrivar, pianist, matematikar, songar, universitetslærar, songtekstforfattar
Språk engelsk
Medlem av Phi Beta Kappa
Religion ateisme
Tom Lehrer på Commons

Tom Lehrer (fødd Thomas Andrew Lehrer9. april 1928) er ein amerikansk visesongar, komikar og matematikar. Han er best kjend for dei satiriske pianovisene sine som han byrja å skriva medan han studerte ved Harvard og framførte fram til rundt 1960-talet.

Byrjinga på karrieren[endre | endre wikiteksten]

Lehrer er utdanna matematiker, og fekk sin bachelorgrad allereie då han var 18, og mastergraden året etter. Han sett enno med studium til doktorgraden og arbeidde sporadisk i 16 år, men fullførte aldri. Han hadde likevel oppdrag som lærer ved fleire universitet, og var òg ei tid ein forskar ved Los Alamos. Lehrer var i militæret frå 1955 til 1957.

Samstundes som Lehrer jobba med dei akademiske studia skreiv han diverse pianoviser, opphavleg for å underhalda venene sine. Blant desse var «Fight Fiercely, Harvard», som har vorte supportersongen til Harvards amerikanske fotballag, som opphavleg var meint som ein parodi på slike fotballsongar. Etterkvart vart Lehrers evne til å laga viser kjent òg utanfor Harvard og Lehrer byrja å halda konsertar andre stadar i Cambridge. I 1953 laga han det første albumet sitt, The Songs of Tom Lehrer.

Songane hans har fleire tema, ofte med noko makabert innhald som i «I Hold Your Hand in Mine» (der det etter kvart viser at seg «your hand» vart kappa av etter at songaren drap henne).

Turnear 1957-1959[endre | endre wikiteksten]

Etter militærtenesta byrja Lehrer å halda konsertar i fleire land, blant anna England, Australia og New Zealand, og han heldt fram med dette i tre år. Lehrer var likevel ikkje spesielt glad i å turnera, og han avslutta prosjektet med å gje ut det andre albumet sitt, «An Evening Wasted with Tom Lehrer». Nokre av visene var parodiar på andre songar, til dømes er «The Element» ein parodi på songen til majorgeneralen frå Pirates of Penzance av Gilbert og Sullivan, der teksta består av dei 102 grunnstoffa som var kjende på den tida. I «Clementine», ein parodi på den amerikanske folkevisa med same namn, spekulerer Lehrer i kva som ville skjedd dersom Cole Porter, Wolfgang Amadeus Mozart, ein beatnik-komponist og operetteskaparane Gilbert og Sullivan hadde skrive eit vers kvar.

Politiske satirar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv etter at han trekte seg tilbake frå internasjonale konsertar, heldt Lehrer fram å laga viser. Det amerikanske TV-nettverket NBC hadde ein ukerevy, «That Was The Week That Was». Lehrer sende inn fleire viser til programmet, og det meste vart brukt. I dei tidlegare albuma bestod songane for det meste av humoristiske innslag om meir «uskyldige» tema, men no var Lehrers songar meir satiriske og krasse. Blant songane finn ein «National Brotherhood Week», ein gladsong som gjer narr av dobbeltmoralen til folk når det kjem til rasisme og intoleranse; «Send the Marines», ein satirisk marsj om den amerikansken utenrikspolitikken som å senda marinesoldatar rundt omkring i verda; «Wernher von Braun», ein krass kritikk av korleis USA tok imot den tyske rakettforskaren Wernher von Braun som hadde utvikla V2-raketten; og «The Vatican Rag», ein kommentar om den katolske kyrkja sitt forsøk på modernisering.

Lehrer gav nokre konsertar rundt i USA av desse songane, og eit utval vart utgjeve på Lehrers tredje album «That Was The Year That Was».

Tilbaketrekking[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av det tredje albumet sitt trekte Lehrer seg meir tilbake. Han var av og til på TV, for det meste i utlandet. Han skreiv òg nokon songar for barne-TV-serien The Electric FactoryPBS. Lehrer var ein politisk liberal, og gjekk med på å støtta liberale kandidatar på 1970-talet, men frå 1974 var han borte frå rampelyset. Han framførte nokon songar i samband med musikalen Tomfoolery i London i 1978, som var basert på Lehrer's songar. Men Lehrer deltok ikkje i framføringene av sjølve musikalen. I London fekk Lehrer forklart kvifor han hadde slutta å opptre. I 1998 opptredde Lehrer for siste gong i London, under ei forestilling som feira musikal-produsenten Cameron Mackintosh.[1] Det var Mackintosh som i si tid hadde produsert Tomfoolery.

Grunnen til Lehrers tilbaketrekking var at han mista interessa for å skriva songar og at han heller ville undervisa matematikk og musikalsk teater. Han har i fleire intervju innrømt at han mislikte merksemd. Det er ein vandrehistorie at Lehrer gav seg med satire i protest mot at Henry Kissinger fekk Nobels fredspris, men Lehrer påpekte i eit intervju i 2000 at han hadde gjeve seg før dette. Det han hadde sagt var at politisk satire var utdatert då Kissinger vart tidelt prisen. I eit intervju i 2003 uttrykte Lehrer bekymring for at satiren og kritikken om Bill Clinton hovudsakleg dreidde seg om Clintons tilhøve til Monica Lewinsky og ikkje om tema som motstanden hans mot avskaffelse av landminer.[2]

Tom Lehrer gjekk av med pensjon frå Universitetet i California (UCSC) i Santa Cruz i 2001. I intervju har han tilstått å ha oppmuntra alle rykte om at han var daud. I røyndomen lever Lehrer i beste velgående, og han flyttar seg mellom vinterkvarteret i California og sommerhuset i Massachusetts. Det er plateselskapet Rhino Records som har rettane til Lehrers siste CD-utgjeving i USA. Selskapet har utgjeve samlinga «The Remains of Tom Lehrer», som inneheld omtrent alt Lehrer nokon gong spelte inn på plate. Utgjevinga kom i 2001, og då stilte Tom Lehrer opp i nokre få intervju fordi han, som han sa, «hadde noko å selja». Hans førebels siste utsegn kom i februar 2008. Spaltist Gene Weingarten i The Washington Post freista å få eit intervju, men det einaste Lehrer ville seia offentleg var at han ynskte å røysta på senator Barack Obama som kandidat ved presidentvalet i USA.[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den kjende amerikanske diskjockeyen Dr. Demento hylla Lehrer som den beste satirikaren på 1900-talet. Andre kritikarar har i ettertid òg framheva Lehrers tyding som musikalsk satiriker og komponist.

Tidlegare hadde mange av kritikkane i avisene vore heller flø. Til dømes skreiv New York Herald Tribune at Lehrer var «meir desperat enn morosam». Nokre gonger, blant anna i Australia, vart Lehrers songar nekta framført fordi styresmaktene syntest at dei var upassande. Mest omstridde var songane «Be Prepared» (ein song om speidergutar) og «The Vatican Rag».

Tom Lehrer i Noreg og Danmark[endre | endre wikiteksten]

I 1967 hadde Tom Lehrer eigenleg slutta å opptre. Dei siste heilaftens konsertane hans fann likevel stad i Bergen, Trondheim og Oslo i Noreg og i København i Danmark det året.[4] Den norske journalisten August Mauritzen var blant dei som klarte å overtala Tom Lehrer til å vitja Skandinavia, men svenskane ville ikkje invitera han. Konserten i Oslo 10. september vart teke opp av NRK. Regissør var Bob Williams og produsent var Erik Diesen. Mauritzen fekk òg overtalt Lehrer til å godta ei norsk plateutgjeving med nokon av songane. 1967 vart plata Tom Lehrer. 12 utvalde viser utgjeve på Decca med Sølvi Wang, Ola B. Johannessen og Mauritzen.

Konserten i Falkonercenteret i København 12. september 1967 vart Lehrers siste planlagde og heilskaplege konsert føre eit betalande publikum.

Gjenbruk på Internett og på TV[endre | endre wikiteksten]

I februar 2008 sende Tom Lehrer ei stadfest melding til ein You Tube-brukar via ein tidlegare student. Lehrer skrev at han godtok publiseringen av 12 videoklipp frå konserten i Oslo. Seinare stadfesta Lehrer dette med ein telefax. Videoopptaket kan vera det einaste av ein heil konsert med Tom Lehrer som enno eksisterer. Alle Lehrers opptredender på femti- og sekstitallet vart innspilt med ein type videobandet til to tommar som heitte Ampex Quadruplex. Desse banda var så dyre at dei vart sletta og gjenbrukt både i Tyskland, England og i USA. I USA opptredde Tom Lehrer to gonger i programmet «The Tonight Show Starring Johnny Carson», men opptaka vart sletta.

I april 2008 vart songen «Wernher von Braun» sendt i TV-programmet «Edel vare – gjestar frå fjern og nær» i NRK1. Programmet fekk om lag ein million sjåarar. Opptaket av Lehrer var teknisk restaurert av NRK, og det var òg formatkonvertert til breiddformatet 16:9.

I juli 2008 vart nokon av dei gjenoppdagede videoopptaka innkjøpt for bruk i TV-serien «Make 'EM Laugh – The Funny Business of America», i USA. Programleiar er skodespelaren Billy Crystal. Nokon av opptaka vart òg kjøpt inn for sending av BBC i England og Zeitsprung Entertainment (for ZDF) i Tyskland.

I slutten av november 2008 hadde meir enn 1,7 millionar menneske sett dei tolv videoane med Tom Lehrer på YouTube.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]