Tom Malone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Malone
Fødd16. juni 1947 (72 år)
FødestadHonolulu, Hattiesburg
OpphavUSA
SjangerJazz
InstrumentTrombone
Tilknytte artistarThe Blues Brothers
CBS Orchestra
Verka somMusikar

Tom «Bones» Malone (fødd 16. juni 1947) er ein amerikansk jazzmusikar, arrangør og produsent. Som kallenamnet hans syner til, spelar han trombone, men òg trompet, tuba, tenorsaksofon, barytonsaksofon, fløyte, pikkolo, og andre instrument.

Han er kjend som medlem av The Blues Brothers og CBS Orchestra, husbandet til Late Show med David Letterman.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Malone var fødd i Honolulu på Hawaii. Faren var pilot i marinen og overlevde åtaket på Pearl Harbor. Malone gjekk på North Texas State University (no University of North Texas) i lag med Blues Brothers-medlemmet Lou Marini. Begge var dei med i One O'Clock Lab Band ved universitetet.

Han spelte trompet med Brenda Lee i ein nattklubb i Jackson i Mississippi, medan han gjekk på The University of Southern Mississippi. Etter at han starta å spele for Warren Covington, leiaren for Tommy Dorsey Orchestra, vart han musikar på fulltid.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter utdanning var over arbeidde Malone i ei banda til Woody Herman (1969), Duke Pearson (1970), Louie Bellson (1971), Doc Severinsen, Frank Zappa (1972) og Blood, Sweat & Tears (1973). I 1973 starta Malone eit nært, 15 år langt samarbeid med Gil Evans, som hadde stor musikalsk innverknad på han. Med Evans, spelte Malone inn sju album og turnerte verda over. I 1975 turnerte Malone med Billy Cobham og i 1976 med The Band.

I 1970, etter han vart høyrt i lag med Ten Wheel Drive and Genya Ravan, fekk han ein telefon frå Saturday Night Live (SNL), som då var eit nytt komishow på NBC. Malone arrangerte musikk for showet frå 1975 til 1985 og var musikalsk leiar for showet frå 1981 til 1985. Ein enkel SNL-sketsj med John Belushi og Dan Aykroyd førte til The Blues Brothers. Malone arrangerte musikken for den opphavlege sketsjen, og vart ein del av bandet the Blues Brothers og den seinare filmen. I filmen spelar han ein fiktiv versjon av seg sjølv. I 1993 vart Malone igjen med SNL-veterananePaul Shaffer (klaverinstrument) og Will Lee, (bass), i CBS Orchestra. I 1997 medverka Malone med musikk til Blues Brothers 2000.

Malone var med i CBS Orchestra den 1. november 1993, lg medverka med meir enn 1600 arrangement for Late Show.

Som studimusikar har han vore med på meir enn tusen innspelingar, meir enn 3000 radio- og fjernsynsreklamar og over 4000 live fjernsynsshow. Malone har òg spelt på kjenningsmelodiane til CBS This Morning, Murder, She Wrote og Vinter-OL 1992, alle på CBS Television Network. Soloalbumet hans, Soul Bones, vart spelt inn i lag med med Paul Shaffer og Blues Traveler sin John Popper.

Han har ofte spelt med hyllestbandet til Beatles, The Fab Faux i lag med Will Lee. Han har òg ofte spelt med The Blues Brotherhood, eit hyllestband til Blues Brothers.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Standards of Living
  • 1998: Soulbones

Malone har spelt med arrangert for, og/eller spelt inn med Paul Shaffer and the CBS Orchestra, The Blues Brothers, Blood, Sweat & Tears, Gil Evans, Frank Zappa, Billy Cobham, The Band, James Brown, Ray Charles, Stevie Wonder, Aretha Franklin, Al Green, Al Jarreau, Ashford & Simpson, Average White Band, Baja Men, Barry Manilow, BB King, BeeGees, Bette Midler, Billy Joel, Billy Preston, Clint Black, Bobby Bland, Bonnie Raitt, Boz Skaggs, Buddy Rich, Carly Simon, Cee-Lo Green, Chaka Kahn, Chuck Mangione, Cyndi Lauper, Count Basie, David Bowie, David Byrne, David Sanborn, Diana Ross, Dr. John, Earth, Wind & Fire, Eddie Murphy, Eddie Palmieri, Elton John, Eric Clapton, Etta James, Faith Hill, 50 Cent, Four Tops, Frankie Valli, Garth Brooks, Gato Barbieri, George Benson, George Clinton, Gloria Estefan, Gloria Gayner, Hank Crawford, Hanson, Harry Connick, Jr., Hector LaVoe, Herbie Mann, Hubert Laws, J. Geils Band, James Taylor, Jeff Beck, Jennifer Hudson, Jimmy Cliff, Jimmy Page, Joe Cocker, Joe Jackson, Johnny Mathis, John Mayer, Johnny Taylor, Jose Feliciano, Joss Stone, The Killers, Leo Sayer, Les & Larry Elgart, Levon Helm, Little Anthony & The Imperials, Little Milton, Little Richard, Lou Reed, Lou Rawls, Louis Bellson, Luther Vandross, Mandrill, Martha & The Vandellas, Marvin Gaye, Meatloaf, Meco, The Meters, Michael Brecker, Miles Davis, Mongo Santamaria, Nancy Wilson, ‘N Sync, Neville Brothers, The O’Jay’s, Olivia Newton-John, Pat Metheney, Paul Simon, Peter Frampton, Phil Collins, Phil Woods, Pink Floyd, Pointer Sisters, Ralph MacDonald, Randy Brecker, Randy Newman, Rick Danko, Ringo Starr, Robert Plant, Ron Carter, Rubin Blades, Rupert Holmes, Sam & Dave, Samantha Sang, Saturday Night Live, Sheena Easton, Shirley Bassey, Solomon Burke, Snoop Dog, The Spinners, Spyro Gyra, Stanley Clark, Stanley Turrintine, Stephanie Mills, Steely Dan, Steve Winwood, Sting, Stuff, The Stylistics, The Supremes, Teddy Pendergrass, The Temptations, Tina Turner, Tom Petty, Tom Scott, Tony Bennett, Usher, Van McCoy, Van Morrison, Vicki Sue Robinson, Village People, Vince Gill, Whitney Houston, Willie Colon, Willie Nelson, Wilson Pickett, Woody Herman og mange fleire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]