Tom McGuinness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom McGuinness

Fødd2. desember 1941 (82 år)
FødestadWimbledon i London
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar, vokal
Verka somlåtskrivar, fjernsynsprodusent, musikkprodusent, gitarist
Frå venstre til høgre: Tom McGuinness, Dave Berry, Klaus Voormann, Mike Hugg, Manfred Mann, Mike d'Abo (Nederland, 1967)

Thomas John Patrick «Tom» McGuinness (fødd 2. desember 1941) er ein britisk gitarist, låtskrivar, forfattar, musikk- og TV-produsent. Han er mest kjend som gitarist i Manfred Mann og The Blues Band. I 1986 skreiv han boka So You Want To Be a Rock and Roll Star.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter ein kort periode i det kortvarige bandet Roosters med Eric Clapton, vart McGuiness med i 60-talsgruppa Manfred Mann som bassist, og spelte i ei besetning med Paul Jones. Då bandet ønskte å meir R&B enn jazz, tok han over rolla som bassist frå Dave Richmond og var medlåtskrivar på fleire av dei tidlege songane til gruppa.[1]

Mike Vickers og så Paul Jones slutta i bandet, tok McGuinness over rolla som gitarist og Jack Bruce spelte bass fram til han vart erstatta av Klaus Voormann. McGuinness sin National Steel-gitar vart ein viktig del av stilen til bandet og vart spelt på hittar som «Pretty Flamingo». Han komponerte eit par songar for gruppa, som «L.S.D» og «One Way», og Mighty Garvey! sin surrealistiske «Cubist Town».

Etter Manfred Mann vart oppløyst i 1969 skipa han McGuinness Flint med Hughie Flint. Dette vart oppløyst i 1975. Seinare vart han med Paul Jones og Gary Fletcher i The Blues Band og var framleis aktiv i dette bandet i 2016. McGuinness har òg spelt med The Manfreds, ein avleggjar av Manfred Mann som oppstod i 1990-åra, utan Mann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holloway, Danny (28. august 1971). «An Old Mann Remembers...». Sounds (Spotlight Publications). s. 11.