Tom Morello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Morello

Morello med The Nightwatchman i mai 2006
Fødd30. mai 1964 (59 år)
FødestadHarlem i New York
FødenamnThomas Baptiste Morello
AliasThe Nightwatchman
OpphavUSA
Aktiv1979 til i dag
Sjanger
Instrumentgitar, vokal
Tilknytte artistar
PlateselskapSonyBMG, Epic, Interscope
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar, politisk aktivist

Thomas Baptiste «Tom» Morello (fødd 30. mai 1964) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, skodespelar og politisk aktivist. Han er mest kjend som medlem av bandet Rage Against the Machine og sidan i Audioslave. I 2016 var Morello medlem i supergruppa Prophets of Rage. Morello har òg turnert med Bruce Springsteen and the E Street Band.[1] Som soloartist har han kalla seg The Nightwatchman og Street Sweeper Social Club, som er hovudsakleg akustisk. Morllo har i lag med Serj Tankian skipa den ideelle organisasjonen Axis of Justice, som har eit program ein gong i månaden på radiostasjonen Pacifica Radio i Los Angeles.

Morello vart fødd i Harlem i New York og voks opp i Libertyville i Illinois, og vart interessert i musikk og politikk medan han var på vidaregåande skule. Han gjekk på Harvard University og tok bachelor i samfunnsfag. Etter det førre bandet hans, Lock Up vart oppløyst, møtte Morello Zack de la Rocha og i lag skipa dei Rage Against the Machine. Gruppa vart ei av dei mest populære og innverknadsrike rockegruppene i 1990-åra.

Han er mest kjend for den unike og kreative gitarspelestilen, med bruk av feedbackstøy, utradisjonell pluking og tapping, i tillegg til kraftig bruk av gitareffektar. Morello er kjend for det venstrevridde politiske synet sitt og aktivisme. I sideprosjektet The Nightwatchman kunne ha la desse politiske syna kome fram, samstundes som han spelte i det apolitiske Audioslave. Han vart rangert som den 40. beste gitaristen gjennom tidene av Rolling Stone.[2]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Lock Up

Rage Against the Machine

Audioslave

The Nightwatchman

Street Sweeper Social Club

Bruce Springsteen

Prophets of Rage

  • The Party's Over EP - 2016

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://ultimateclassicrock.com/tom-morello-interview-springsteen-high-hopes-2014/
  2. Browne, David; Doyle, Patrick; Fricke, David; Hermes, Will; Hiatt, Brian; Light, Alan; Tannenbaum, Rob; Wolk, Douglas (November 23, 2011). «100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. Henta 9. juli 2017. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tom Morello
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Tom Morello