Conchita Wurst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tom Neuwirth)
Conchita Wurst

Fødd6. november 1988
FødestadGmunden i Oberösterreich i Austerrike
FødenamnThomas Neuwirth
AliasTom Neuwirth og Conchita Wurst
OpphavAusterrike
Aktiv2006–
Sjangerpop
Instrumentklarinett, vokal
Stemmetypelyrisk tenor
PlateselskapSony Music, Sony Music Entertainment Austria
Verka somSongar og dragartist
PrisarEurovision Song Contest 2014, 100 Women, Amadeus Austrian Music Award, 100 Women

Thomas Neuwirth (fødd 6. november 1988 i Gmunden) , òg kjend som Tom Neuwirth og Conchita Wurst, er ein austerriksk songar og dragartist.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Österreich rockt den Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I 2012 deltok Wurst i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012, under namnet Conchita Wurst og enda på andreplass med songen «That's What I Am».

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

11. september 2013 vart det klårt at Wurst skulle representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.[1] Österreichischer Rundfunk valde songen «Rise Like a Phoenix», som vart framført på engelsk. Austerrike delok i den andre semifinalen der landet vann med 169 poeng; tolv frå Finland, Irland, Sveits, Hellas, Romania, Italia og Storbritannia, ti frå Malta, Israel, Gerogia, Polen, Litauen og Slovenia, åtte frå Noreg, sju frå Kviterussland, seks frå Makedonia og fire frå Tyskland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 155 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 138 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der det vann med 290 poeng; tolv frå Sverige, Italia, Slovenia, Finland, Spania, Sveits, Nederland, Storbritannia, Belgia, Portugal, Israel og Irland, ti frå Island, Noreg, Frankrike, Ungarn, Malta, Gerogia og Litauen, åtte frå Ukraina, Romania og Danmark, sju frå Tyskland og Moldova, seks frå Latvia, fem frå Russland og Albania, fire frå Estland, tre frå Makedonia, to frå Montenegro og eitt frå Aserbajdsjan. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 311 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 224 poeng. Dette var den andre gongen Austerrike vann Eurovision Song Contest, førre gong var i 1966.

Valet av Wurst var kontroversielt i Austerrike, og fire dagar seinare hadde over 31 000 personar trykka «like» på ei «Anti-Wurst»-Facebookside.[2]

I oktober 2013 ville Informasjonsdepartementet i Kviterussland at den kviterussiske kringkastaren Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus skulle redigere bort framføringa til Wurst. Dei frykta at framføringa ville vere med på å framheve synd.[3] I desember 2013 henda noko liknande i Russland.[4]

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

Under ein pressekonferanse 19. desember 2014 der Österreichischer Rundfunk presenterte Mirjam Weichselbraun, Alice Tumler og Arabella Kiesbauer som programleiarar for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, vart i tillegg Wurst presentert som programleiar for green room.[5] Ho opna den fyrste semifinalen med å framføre «Rise Like a Phoenix» saman med Radio-Symphonieorchester Wien, og som pauseunderhaldning i finalen framførte Wurst «You Are Unstoppable» og «Firestorm».[6][7] Saman med Weichselbraun, Tumler, Kiesbauer, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marco Brey (10. september 2013). «Conchita Wurst to represent Austria in 2014» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 12. september 2013. 
  2. «Editorial: Why ORF Must Stand By Conchita Wurstl» (på engelsk). wiwibloggs.com. 14. september 2013. Henta 17. mai 2014. 
  3. «Will Belarus Remove Conchita Wurst from its Eurovision Broadcast?» (på engelsk). wiwibloggs.com. 20. oktober 2013. Henta 17. mai 2014. 
  4. «Will Russia cut its broadcast of Eurovision 2014 because of Conchita Wurst?» (på engelsk). wiwibloggs.com. 28. desember 2013. Henta 17. mai 2014. 
  5. «Who gets to host Eurovision in Vienna?» (på engelsk). Eurovision.tv. 19. desember 2014. Henta 21. desember 2014. 
  6. «Eurovision 2015: Conchita Wurst opens semi-finals, Guy Sebastian has nothing to worry about». The Sydney Morning Herald (på engelsk). 20. mai 2015. Henta 6. juni 2015. 
  7. «Conchita - "You are Unstoppable"/"Firestorm"» (på engelsk). YouTube. 23. mai 2015. Henta 6. juni 2015. 
  8. «The Grand Final live from Vienna!» (på engelsk). Eurovision.tv. 23. mai 2015. Henta 8. juni 2015.