Tom Petty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tom Petty
Tom Petty 2.jpg
Verkeleg namn Thomas Earl Petty
Alias Charlie T. Wilbury jr., Muddy Wilbury
Fødd 20. oktober 1950
Gainesville i Florida i USA
Død

2. oktober 2017
Santa Monica – UCLA Medical Center

Instrument vokal, gitar, bass, klaverinstrument, munnspel, trommer
Sjanger Rock, rock and roll, roots rock, heartland rock, bluesrock
Aktive år 1969 til i dag
Yrke Musikar, songar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar
Tilknytte artistar Epics, Mudcrutch, Tom Petty and the Heartbreakers, Traveling Wilburys, Stevie Nicks, Bob Dylan, Jeff Lynne, George Harrison, Grateful Dead, Roy Orbison, Bonnie Raitt, Sam Smith, Dwight Twilley
Plateselskap Shelter, Backstreet, MCA, Warner Bros., American, Reprise
Nettstad www.tompetty.com
Kjende instrument

Thomas Earl «Tom» Petty (20. oktober 19502. oktober 2017)[1][2] var ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, multi-instrumentalist og plateprodusent. Han er mest kjend som frontmann i Tom Petty and the Heartbreakers og som medlem i supergruppa Traveling Wilburys (under pseudonyma Charlie T. Wilbury jr. og Muddy Wilbury) og Mudcrutch.

Han har spelt inn mange hitsinglar med the Heartbreakers og som soloartist. Musikken hans har blitt klassifisert som rock and roll, heartland rock og til og med stoner rock. Musikken hans, og særleg hittane, har blitt populære hos yngre generasjonar og han spelar framleis utselde konsertar.[3] Gjennom karrieren har Petty seld meir enn 80 millionar plater og er derfor ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[4] I 2002 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Petty vart fødd og voks opp i Gainesville i Florida og gjekk på Gainesville High School. Interessa for rock and roll byrja då han var 10 år gammal og møtte Elvis Presley.[5] Sommaren 1961 arbeidde onkelen hans på settet til Presley-filmen Follow That Dream i nærleiken av Ocala i Florida, og inviterte Petty med seg for å sjå på innspelinga.[6] Han vart umiddelbart fan av Elvis Presley, og då han kom heim same laurdagen, møtte han venen Keith Harben, og han byta bort Wham-O-spretterten sin mot ei samling Elvis-album.[7]

I eit intervju i 2006 på National Public Radio-programmet Fresh Air sa Petty at han visste at han ville spele i eit band så snart han såg the BeatlesThe Ed Sullivan Show.[8] «Augneblinken eg såg The Beatles på The Ed Sullivan Show -- og det same gjeld tusenvis av karar -- var det ingen veg attende. Det var måten å gjere det på. Du får tak i venene dine og de er dykk sjølv nok. Og de lagar musikk. Og det såg så moro ut. Det var noko eg identifiserte meg med. Eg har aldri likt å drive med idrett ... eg hadde vore stor fan av Elvis. Men det eg såg i The Beatles var at her er noko eg kan gjere. Eg visste eg kunne gjere det. Det tok ikkje lang tid før det dukka opp grupper i garasjar over alt.»[9]

Ein av dei første gitarlærarane hans var Don Felder, som òg budde i Gainesville, og som seinare spelte i Eagles.[10][11] Som ung mann arbeidde Petty ei kort stund på University of Florida, men gjekk aldri der som student. Ei lind han skal ha planta medan arbeidde der vert i dag kalla Tom Petty-treet, sjølv om Petty ikkje hugsar at han planta noko tre.[12][13][14] Han arbeidde òg ei kort stund som gravar.[14]

Petty hadde eit vanskeleg forhold til faren, som hadde vanskar med å akseptere at sonen var «ein godmodig gut som var interessert i kultur» utsette han ofte for verbal og fysisk mishandling. Petty hadde eit særs tett forhold til mora, og har framleis eit nært forhold til broren Bruce.[15][16][17]

1976–87: Tom Petty and the Heartbreakers[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tom Petty and the Heartbreakers.

Kort tid etter Petty byrja å spele musikk, starta han bandet the Epics, som seinare utvikla seg til Mudcrutch. Sjølv om bandet, med dei framtidige Heartbreakers-medlemmane Mike Campbell og Benmont Tench, var populære i Gainesville, slo dei ikkje gjennom for eit større publikum. Den einaste singelen deira, «Depot Street», vart verande populær blant fansen. Med i det originale Mudcrutch var gitaristen Danny Roberts, som seinare vart erstatta av bassisten Charlie Souza.

Etter Mudcrutch vart oppløyst, gjekk Petty motvillig med på å starte ein solokarriere. Tench valte å starte si eiga gruppe, og Petty likte stilen deira. Etter kvart samarbeidde Petty og Campbell med Tench og bandmedlemmane Ron Blair og Stan Lynch, og dette vart den første besetninga i the Heartbreakers. Debutalbumet deira gav dei lite popularitet hos det amerikanske publikummet, men gjorde det bra i Storbritannia. Singelen «Breakdown» vart gjeve ut på nytt i 1977 og nådde 40. plassen tidleg i 1978 etter at bandet hadde turnert i Storbritannia som oppvarmingsband for Nils Lofgren. Debutalbumet vart gjeve ut av Shelter Records, som på den tida vart distribuert av ABC Records.[18]

Det andre albumet deira, You're Gonna Get It!, vart det første albumet deira som nådde topp 40 på albumlista i USA[18] og inneheldt singlane «I Need to Know» og «Listen To Her Heart». Det tredje albumet deira, Damn the Torpedoes, selde raskt til platina og selde nesten to millionar eksemplar. Det inneheld gjennombrotssinglane deira «Don't Do Me Like That», «Here Comes My Girl» og «Refugee».[19]

I september 1979 spelte Tom Petty and the Heartbreakers på ein Musicians United for Safe Energy-konsert i Madison Square Garden i New York.[20] Utgåva deira av «Cry To Me» vart gjeve ut på albumet No Nukes.[21]

I 1981 kom Hard Promises som nådde topp 10 i USA og selde til platina. Det inneheldt singelen «The Waiting». Albumet inneheld òg den første duetten til Petty, «Insider» med Stevie Nicks.

Bassisten Ron Blair slutta i gruppa og vart erstatta for det femte albumet i 1982, Long After Dark, av Howie Epstein. Denne besetninga varte fram til 1994. I 1985 spelte bandet på Live Aid, og spelte fire songar i PhiladelphiaJohn F. Kennedy Stadium. Southern Accents kom ut i 1985. ALbumet inneheld hitsingelen «Don't Come Around Here No More», som vart produsert av Dave Stewart. I videoen til songen var Petty kledd som the Mad Hatter, og plaga og følgde etter Alice frå boka Alice i Eventyrland, og kuttar og et ho som om ho var ei kake. Konsertopptak frå den påfølgjande turneen vart til konsertalbumet Pack Up the Plantation: Live! og ein invtasjon frå Bob Dylan. Tom Petty & the Heartbreakers spelte med Dylan på True Confessions-turneen hans, og heldt òg nokre konsertar i lag med Grateful Dead i 1986 og 1987. I 1987 gav gruppa ut Let Me Up (I've Had Enough) som inneheld «Jammin' Me» som Petty skreiv i lag med Dylan.[22]

1988–91: Traveling Wilburys og solokarriere[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Traveling Wilburys og Tom Petty and the Heartbreakers.

I 1988 var Petty med på å starte Traveling Wilburys, i lag med Bob Dylan, George Harrison, Roy Orbison og Jeff Lynne. Den første songen til bandet, «Handle With Care», var meint som B-sida til ein av singlane til Harrison, men vart rekna som så god at gruppa valte å spele inn eit heilt album, Traveling Wilburys Vol. 1. Eit andre Wilburys-album, misvisande kalla Traveling Wilburys Vol. 3 og spelt inn utan den avdøde Orbison, kom i 1990. At albumet vart kalla Vol. 3 kom av at ei rekkje piratkopierte studioinnspelingar vart seld som Travelling Wilburys Vol. 2. I nyare år har Petty byrja å spele Travelling Wilburys-songar på konsertane sine, og spelte ofte «Handle With Care» på konsertane i 2003–2006, og i 2008 var «End of the Line» fast på konsertane hans.

I 1989 gav Petty ut Full Moon Fever, med hittane «I Won't Back Down», «Free Fallin'» og «Runnin' Down a Dream». Det vart marknadsført som eit soloalbum, men fleire av musikarane frå Heartbreakers, i tillegg til andre kjende musikarar deltok på albumet. Mike Campbell medproduserte albumet med Petty og Jeff Lynne frå Electric Light Orchestra, og med som musikarar var Campbell, Lynne, og Wilburys-medlemmane Roy Orbison og George Harrison (Ringo Starr er med på trommer i videoen til «I Won't Back Down», men det er Phil Jones som i røynda speler trommer). Sidan alle dei originale Traveling Wilburys-medlemmane, utanom Bob Dylan, er med på albumet, vert det stundom rekna som eit uoffisielt Traveling Wilbury's «Volume Two».

Petty & the Heartbreakers kom saman att i 1991 og gav ut Into the Great Wide Open, som var medprodusert av Lynne og inneheld hitsinglane «Learning To Fly» og «Into The Great Wide Open», sistnemnde med Johnny Depp, Gabrielle Anwar, Faye Dunaway og Matt LeBlanc i musikkvideoen.

Før dei gav seg for MCA Records, kom Tom and the Heartbreakers saman og spelte inn to nye songar for Greatest Hits. «Mary Jane's Last Dance» og Thunderclap Newman sin «Something in the Air». Dette var den siste innspelinga til Stan Lynch med The Heartbreakers. Petty sa seinare: «Han drog rett etter innspelinga utan å eigentleg sei farvel.» Albumet selde over ti millionar eksemplar, som kvalifiserer til diamantplate.

1991 til i dag: Warner Bros. Records[endre | endre wikiteksten]

I 1989, medan han framleis hadde kontrakt med MCA, signerte Petty i løyndom ein lukrativ avtale med Warner Bros. Records, der Traveling Wilburys hadde kontrakt.[23] Det første albumet hans for det nye selskapet var Wildflowers i 1994 og inneheldt singlane «You Don't Know How It Feels», «You Wreck Me», «It's Good to Be King» og «A Higher Place». Albumet, som var produsert av Rick Rubin, selde over tre millionar eksemplar i USA.

I 1996 gav Petty og the Heartbreakers ut filmmusikken til filmen She's the One, med Cameron Diaz og Jennifer Aniston i rollene (sjå Songs and Music from «She's the One»). Singlar frå albumet var «Walls (Circus)» (med Lindsey Buckingham), «Climb that Hill» og ein song skriven av Lucinda Williams, «Change the Locks». Albumet inneheld òg ein versjon av «Asshole», ein song av Beck. Same året akkompagnerte bandet Johnny CashUnchained (som hadde arbeidstittelen «Petty Cash»). For dette albumet vann Cash Grammy-prisen for beste countryalbum. Cash spelte seinare Petty-songen «I Won't Back Down» på American III: Solitary Man.

Tom Petty and the Heartbreakers i Indianapolis, 23. juni 2006.

I 1999 gav Tom Petty & the Heartbreakers ut det siste albumet deira med Rubin ved spakane, Echo. To songar vart gjevne ut som singalr i USA, «Room at the Top» og «Free Girl Now». Albumet nådde 10. plassen på den amerikanske albumlista.

Tom Petty & the Heartbreakers spelte «I Won't Back Down» på America: A Tribute to Heroes-konserten til minne om offera etter terroråtaka 11. september 2001. Året etter spelte dei «Taxman», «I Need You» og «Handle With Care» (med Jeff Lynne, Dhani Harrison og Jim Keltner på den siste) på Concert for George, ein minnekonsert for George Harrison.

I 2002 kom The Last DJ som inneheldt fleire åtak på musikkindustrien, og kritiserte dei for å vere grådig, vatne ut musikken og gje ut popmusikk med lettkledde unge kvinner. Albumet nådde niandeplassen i USA. Petty kommenterte at han ikkje likte å bli kalla «bitter» av media og at The Last DJ er fult av håp om ein ser etter.

I 2005 fekk Petty sitt eige radioshow, «Buried Treasure» på XM Radio, der han spelte utval frå den personlege platesamlinga si.

I februar 2006 gjekk Tom Petty and The Heartbreakers med på å toppe den femte årlege Bonnaroo Music and Arts Festival. Etter dette vart det annonsert ein 30-årsjubileumsturné. Gjesteartistar var Stevie Nicks, Pearl Jam, the Allman Brothers, Trey Anastasio, The Derek Trucks Band og the Black Crowes. Stevie Nicks kom inn for «Stop Draggin' My Heart Around» og «Insider,» og «I Need to Know» der Nicks song solo. Eddie Vedder frå Pearl Jam song òg med Tom and the Heartbreakers på scenen på somme konsertar, der Vedder song solo på «The Waiting» (som finst på Runnin' Down a Dream som bonusmateriale) og eit vers på avslutningssongen «American Girl».

I juli 2006 gav Petty ut soloalbumet Highway Companion, med hitten «Saving Grace». Albumet debuterte på fjerdeplassen på Billboard 200, og vart den høgaste plasseringa til Petty sidan 1991.

Sommaren 2007 slo Petty seg saman med dei gamle bandkollegaene sine Tom Leadon og Randall Marsh, i tillegg til Benmont Tench & Mike Campbell for å starte opp att Mudcrutch. Bandet hadde først starta opp i 1967 i Gainesville i Florida før dei flytta til California, der dei gav ut ein singel i 1974 og så vart oppløyst. Kvintetten spelte inn eit nytt album med fjorten songar som kom ut 29. april 2008. Bandet heldt ein kort turn€ i California våren 2008.

I 2007 hylla artistar så forskjellige som Willie Nelson, Lucinda Williams, Norah Jones, Lenny Kravitz og Paul McCartney Fats Domino på ei dobbelplate kalla Goin' Home: A Tribute to Fats Domino. Inntektene frå albumet vart mellom anna nytt atil å skaffe instrument til studentar i New Orleans. Tom Petty and the Heartbreakers medverka med ein kritikarrost coverversjon av «I'm Walkin'».[24]

I januar 2008 vart det annonsert at bandet skulle ut på ein turne i Nord-Amerika som skulle starta 30. mai etter ei framføring på Super Bowl.[25] Steve Winwood var oppvarmingsartist, og var med Petty and the Heartbreakers på scenen på utvalde konsertar. Dei spelte Spencer Davis Group-hitten «Gimme Some Loving» til Winwood og stundom Blind Faith-hitten hans «Can't Find My Way Home».

Den 3. februar 2008 spelte Tom Petty & the Heartbreakers under den halvtimes pausen i Super Bowl i University of Phoenix Stadium. Dei spelte «American Girl», «I Won't Back Down», «Free Fallin'» og «Runnin' Down a Dream».

15. juni 2010 kom Heartbreakers-albumet Mojo etterfølgd av ein ny turné i Nord-Amerika. Bandet var òg musikalske gjester i sesongfinalen på Saturday Night Live den 15. mai 2010. I 2012 drog bandet på turné i Nord-Amerika og fleire land i Europa dei ikkje hadde vitja på nesten 20 år, mellom anna Noreg.

Den 29. juli 2014 gav Reprise Records ut det 13. studioalbumet til Tom Petty and the Heartbreakers, Hypnotic Eye. Albumet debuterte på toppen av Billboard 200, og vart det første Tom Petty and the Heartbreakers-albumet som toppa denne lista.

Petty har i dag sitt eige radioprogram «Buried Treasure», der han speler og snakkar om gamle rockelåtar. Han har hatt Tony Dimitriades som manager sidan 1976.[7]

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Første gongen Petty deltok i ein film var i 1978, då han hadde ei cameo-rolle i FM. Han hadde seinare ei lita rolle i Made in Heaven i 1987 og fleire episodar av It's Garry Shandling's Show mellom 1987 og 1990, der han spelte seg sjølv som ein av naboane til Garry Shandling. Petty deltok òg i det andre Shandling-showet, The Larry Sanders Show.

Petty medverka i filmen The Postman i 1997, regissert av og med Kevin Costner, som borgarmeister i The Bridge City (dialogen impliserer at han speler ein framtidig versjon av seg sjølv).

I 2002 var han med i The Simpsons i episoden «How I Spent My Strummer Vacation», i lag med Mick Jagger, Keith Richards, Lenny Kravitz, Elvis Costello og Brian Setzer.

Petty hadde ei rolle som stemma til Elroy «Lucky» Kleinschmidt i animasjonsserien King of the Hill.

I 2008 gjesta Petty som seg sjølv i Comedy Central-showet Lil Bush, og i 2010 hadde han ein fem sekundar lang cameo med komikaren Andy Samberg i ein musikkvideo kalla «Great Day» på bonus-DVDen til Lonely Island-albumet Turtleneck & Chain.

Prisar og lovord[endre | endre wikiteksten]

I 1994 vart hyllestalbumet You Got Lucky, gjeve ut med band som Everclear og Silkworm, samstundes som Petty fekk UCLA sin George Gershwin and Ira Gershwin Award for Lifetime Musical Achievement. Månaden etter vann Petty American Society of Composers, Authors and Publishers' Golden Note Award.

Stjerna på Hollywood Walk of Fame.

I 1999 fekk Tom Petty & the Heartbreakers ei stjerne på Hollywood Walk of Fame for bidraga sine til musikkindustrien.

I 2002 vart Tom Petty and the Heartbreakers ein del av Rock and Roll Hall of Fame. Den 6. desember 2005 fekk Petty Billboard Century Award for karrieren sin. Same året, vart ein munnleg biografi, Conversations with Tom Petty, som bestod av ei rekkje intervju i 2004 og 2005 av musikkjournalisten Paul Zollo publisert (ISBN 1-84449-815-8).

Den 21. september 2006 fekk Tom Petty and the Heartbreakers bynøklane til Gainesville i Florida, der han og bandkollegaene anten budde eller vaks opp.[26] Frå juli 2006 til 2007 hadde Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i Ohio ei utstilling med Tom Petty. Mykje av innhaldet var donert av Petty sjølv.

I 2007 hadde dokumentarefilmen til Peter Bogdanovich premiere. Han omhandla karrieren til Petty og heitte Runnin' Down a Dream og hadde premiere på New York Film Festival den 14. oktober 2007.

Syn på kunstnarisk kontroll[endre | endre wikiteksten]

Petty er kjend for å stå hardt for eigen kunstnarisk kontroll og kunstnarisk fridom. I 1979 hamna i ein rettstvist då ABC Records vart seld til MCA Records. Han nekta å bli overført til eit anna plateselskap utan at han sjølv godtok det. I mai 1979 erklærte han seg konkurs og signerte ein kontrakt med det nye MCA-dotterselskapet Backstreet Records.

Tidleg i 1981 vart det komande Tom Petty and the Heartbreakers-albumet, Hard Promises, planlagt å få ny listepris av MCA med $9,98, etter Steely Dan-albumet Gaucho og Olivia Newton-John/Electric Light Orchestra Xanadu. Denne såkalla «superstjerneprisen» var $1.00 meir enn den vanlege listeprisen på $8,98.[27] Petty protesterte på prisauken i pressa og saka vart populær blant fansen. Det vart vurdert å stoppe utgjevinga av albumet eller kalla det Eight Ninety-Eight, men til slutt valte MCA å gje det ut til normal pris.[28] I 1987 saksøkte Petty dekkselskapet B.F. Goodrich for 1 million dollar for å ha nytta ein song som var særs lik hans eigen «Mary's New Car» i ein fjernsynsreklame. Reklamebyrået som laga reklamen hadde tidlegare søkt løyve om å få bruke Petty-songen, men vart avslått. Ein domar la ned eit foreløpig påbod om å stoppe bruken av reklamen, og søksmålet vart sidan ordna utafor retten.[29]

Somme har hevda at Red Hot Chili Peppers-songen «Dani California», som kom ut i mai 2006, er særs lik Petty sin «Mary Jane's Last Dance».[30] Petty sa til Rolling Stone, «Eg tvilar sterkt på at det var gjort med vilje. Mange rock 'n' roll-songar høyres like ut. Spør Chuck Berry. The Strokes tok 'American Girl' til sin eigen song 'Last Nite', og eg såg i eit intervju der dei faktisk innrømde det. Det fekk meg til å le høgt. Eg sa noko slikt som 'OK, bra for deg' ... Om nokon tok songen min note for note og stal han med vilje, så kanskje eg ville saksøke. Men eg trur ikkje så mykje på søksmål. Eg syns det er nok lettsindige søksmål i dette landet til at folk skal krangle om popsongar.»[31]

I januar 2015 vart det kjend at Petty og Jeff Lynne skulle få honorar for Sam Smith-songen «Stay with Me» etter at låtskrivarane innrømde likskapar mellom denne og «I Won't Back Down». Petty sa at han ikkje trudde Smith plagierte han, og sa «Etter alle desse åra som låtskrivar veit eg at dette kan skje. I dei fleste tilfella skjønar du det før songen forlet studiodøra, men i dette tilfellet gjekk det forbi. Folka til Sam var forståingsfulle og me kom lett til ei semje».[32]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Det første ekteskapet hans, til Jane Benyo, varte i 22 år frå 31. mars 1974 til 9. september 1996. Dei fleste av desse åra arbeidde han hardt på turné og i studio. Petty og Benyo har to døtre, Adria som er filmregissør og Kimberly Violette som er kunstnar. Sidan 3. juni 2001 har han vore gift med Dana York Epperson, som han først møtte i 1991 då ho såg ein av konsertane hans. Petty har ein steson, Dylan, frå det første ekteskapet til Dana York Epperson.[33]

17. mai 1987 sette ein brannstiftar huset til Petty i Encino i California i brann. Brannfolka klarte å redde platestudioet i kjellaren og dei originale lydbanda som låg der, i tillegg til hans Gibson Dove akustiske gitar. Den kjende flosshatten hans vart derimot øydelagd. Petty bygde sidan opp att heimen med eldfaste materiale.[34][35]

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Petty eig og har brukt mange forskjellige gitarar opp gjennom åra. Frå 1976 til 1982 var hovudinstrumentet hans ein Fender Stratocaster frå 1964. Han har òg nytta fleire Rickenbacker-gitarar frå 1979 og framover, mellom anna ein Rose Morris frå 1965. Rickenbacker 660/12TP vart designa av Petty (særleg halsen) og hadde signaturen hans frå 1991 til 1997.[36] I tillegg har han nytta ein Gretsch Tennessean, to Fender Telecaster-gitarar frå 1960-åra og ein Gibson Firebird.

For akustisk gitarar har Petty nytta ein C.F. Martin HD-40, og har skrive nesten alle sognane sine på ein Gibson Dove, som vart redda frå husbrannen i 1987.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Tom Petty.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pareles, Jon (3. oktober 2017). «Tom Petty, Staple of Rock Radio With the Heartbreakers, Dies at 66». The New York Times (engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 3. oktober 2017. 
  2. «Den amerikanske rockeartisten Tom Petty er død». ABC Nyheter. 3. oktober 2017. Henta 3. oktober 2017. 
  3. «Tom Petty». Highwaycompanions.com. http://www.highwaycompanions.com/index.php?module=tour. Henta 6. mars 2015. 
  4. Reporter, Belper News (2013-01-30), Top talent at The Flowerpot, Belper News, http://www.belpernews.co.uk/lifestyle/music/top-talent-at-the-flowerpot-1-5359458, henta 2013-04-05 
  5. Sager, Mike (2006-06-30). «What I've Learned: Tom Petty». Esquire. http://www.esquire.com/features/what-ive-learned/ESQ0806WIL_134. Henta 6. mars 2015. 
  6. Tom Petty's life changed when he met Elvis, 2007-08-16, http://tompetty.warnerreprise.com/lastdj_newsdetail.php?section=announcements&id=8965, henta 6. mars 2015 
  7. 7,0 7,1 Newman, Melinda (2005-11-28), Tom Petty: A Portrait Of The Artist, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2007-11-03, http://web.archive.org/web/20071103133707/http://www.billboard.com/articles/news/60538/tom-petty-a-portrait-of-the-artist, henta 6. mars 2015 
  8. «Tom Petty Knows 'How It Feels'». National Public Radio. 2006-07-27. http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=18580517. Henta 6. mars 2015. 
  9. Crandall, Bill. 10 Musicans who saw the Beatles standing there. CBS News, 6. februar 2014.
  10. Felder, Don (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles. Wiley. ISBN 978-0-470-28906-8. p. 28
  11. «Gibson gitarar interview with Don Felder». Gibson.com. 2008-06-24. http://www.gibson.com/en-us/Lifestyle/Features/don-felder-0811/. Henta 6. mars 2015. 
  12. Bernie Machen (2006-09-06). «13. september 2006 Speech to Campus Community Council». University of Florida Office of the President. http://www.president.ufl.edu/speeches/2006/09/campusCommunityCouncil.html. Henta 6. mars 2015. 
  13. Tom Petty Gets Key to Gainesville, Fla, Fox News, 2006-11-22, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2008-04-06, http://web.archive.org/web/20080406202958/http://www.foxnews.com/wires/2006Sep22/0,4670,PeopleTomPetty,00.html, henta 6. mars 2015 
  14. 14,0 14,1 Erik Pedersen (2011-04-17). «Tom Petty Discusses Influences, Career During SiriusXM Q&A Session». Hollywood Reporter. http://www.hollywoodreporter.com/news/tom-petty-discusses-influences-career-179282. Henta 6. mars 2015. 
  15. DeYoung, Bill. «Full Steam Ahead» Goldmine 13. juli 1990
  16. Zollo, Paul. Conversations With Tom Petty (2005): 8-15
  17. Runnin' Down a Dream (2007), documentary by Peter Bogdanovich.
  18. 18,0 18,1 Erlewine, Stephen Thomas (2006). «Tom Petty - Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p5137/biography. Henta 6. mars 2015. 
  19. «Tom Petty and the Heartbreakers - History of the Band». Mudcrutch Farm. http://www.mudcrutch.com/index.php?pageid=heartbreakers_history. Henta 6. mars 2015. 
  20. Finn, Natalie (2007-10-23). «Raitt, Browne & Nash Rerock Against Nukes». E! Online. http://www.eonline.com/news/article/index.jsp?uuid=08ca35ba-fcf8-4e5d-89a3-db9ecaf79907. Henta 6. mars 2015. 
  21. Erlewine, Stephen Thomas. «"No Nukes» - Overview». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r315362. Henta 6. mars 2015. 
  22. «Jammin' Me Review». Allmusic. http://www.allmusic.com/song/t2462926. Henta 6. mars 2015. 
  23. Philips, Chuck. «Petty's Secret Deal Isn't for Petty Cash» Los Angeles Times 5. april 1992: 58.
  24. Rolling Stone. «Tom Petty Covers Fats Domino: Listen to «I’m Walkin’» : Rolling Stone : Rock and Roll Daily». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2007/09/17/tom-petty-covers-fats-domino-listen-to-im-walkin/. Henta 6. mars 2015. 
  25. «Tom Petty & The Heartbreakers Announce US Summer Tour». Komodo Rock. 2008-01-25. http://www.komodorock.com/tour-news/tour-dates/tom-petty-%26-the-heartbreakers-announce-us-summer-tour-200801253748/. Henta 6. mars 2015. 
  26. «USA Today, 22. september 2006 (AP story)». Usatoday.com. 2006-09-22. http://www.usatoday.com/life/people/2006-09-22-tom-petty_x.htm. Henta 6. mars 2015. 
  27. Goldstein, Patrick. «Petty Battling MCA Over Record Price Hike» Los Angeles Times 1. februar 1981: N72.
  28. Marsh, Dave. «Tom Petty» Musician Juli 1981: 43.
  29. "BFG Ad Not Petty To Petty» Akron Beacon Journal 6. mars 1987: D8.
  30. «wgmd.com». wgmd.com. 2006-09-08. http://www.wgmd.com/newspost/fullnews.php?id=1142. Henta 6. mars 2015. 
  31. NEIL STRAUSSPosted Jun 30, 2006 4:43 PM (2006-06-30). «Rolling Stone Interview, 2006». Rollingstone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/10698880/tom_pettys_last_dance/4. Henta 6. mars 2015. 
  32. Kreps, Daniel (2015-01-29), Tom Petty on Sam Smith Settlement: 'No Hard Feelings. These Things Happen', http://www.rollingstone.com/music/news/tom-petty-on-sam-smith-settlement-no-hard-feelings-these-things-happen-20150129, henta 7. mars 2015 
  33. Zollo, Paul. Conversations With Tom Petty (2005): 155-157.
  34. "Rock Star Tom Petty's Home Damaged in Fire", Los Angeles Times, 18. mai 1987, Metro
  35. Zollo, Paul (2005). Conversations With Tom Petty. s. 106–109. 
  36. Ed Roman. «Tom Petty gitarar». Celebrityrockstargitarar.com. http://www.celebrityrockstargitarar.com/rock/petty.htm. Henta 6. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Tom Petty