Tom Waits-løpet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sal av T-trøyer før eit løp

Tom Waits-løpet er eit etappeløp mellom brune pubar i gamle Oslo, arrangert fyrste gongen i 1999. Eit hovudpoeng er sosialt samvær, og ein blir ikkje uglesett for å bli sitjande på ein av pubane og såleis ikkje fullføre løpet. Avleggjarar med det same namnet er haldne sidan 2003 i Kristiansand og 2010 i Tønsberg.

Løpet er kalla opp etter den amerikanske blues-artisten Tom Waits, som er kjent for sin henslengte og «brune» stil. Det er eit uformelt tilsvar til det tidlegare Grete Waitz-løpet – no Vårspranget – og blei etablert for å redusere prestasjonsangsten i løpet og sportsånda i alkoholkonsumet. Det skulle samtidig vere eit alternativ for alle, ikkje berre kvinner.

Tom Waits-løpet er tradisjonelt lagt til same dato som Grete Waitz-løpet, ein laurdag i mai kvart år. Dei seinare åra har dette vore 3. mai 2008, 9. mai 2009, 8. mai i 2010, og 7. mai 2011.