Tom ved Ob
Utsjånad
| Tom | |||
| elv | |||
Tom ved Tomsk | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 62 000 km² | ||
| Lengd | 827 km | ||
| Middelvassføring | 1 100 m³/s | ||
| Kjelde | Abakanfjella | ||
| Munning | Ob | ||
![]() Tom 53°39′05″N 89°45′50″E / 53.6513°N 89.7638°E | |||
| Wikimedia Commons: Tom River | |||
Tom (russisk Томь) er ei elv i Khakasia, Kemerovo og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 827 km lang og har eit nedslagsfelt på 62 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1100 m³/s eller 35 km³ per år.
Elva har utspring i Abakanfjella, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella, og renn nordover gjennom Kuznetsksenkinga. Ho munnar ut i Ob rundt 50 km nord for Tomsk.
Dei største byane langs Tom er Mezjduretsjensk, Novokuznetsk, Kemerovo, Jurga, Tomsk og Seversk.
Dei største sideelvane hennar er Aba, Bel-Su, Kondoma, Mras-Su, Nedre Ters, Midtre Ters og Øvre Ters, Tutujas og Usa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Томь (приток Оби)» frå Wikipedia på russisk, den 26. oktober 2008.
