Tomas Øysteinsson Lurås
Utsjånad
Tomas Øysteinsson Lurås | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1799 Tinn kommune |
Død | |
Yrke | kunstmålar, rosemålar |
Tomas Øysteinsson Lurås (1799–6. juni 1886) var ein norsk rosemålar og plassemann frå Tinn.
Lurås var ein ettertrakta målar, og aktiv i både Telemark, Numedal, Hallingdal og på delar av Vestlandet. Mellom hans beste kjende interiør er på Gunvaldjord i Vinje kommune, måla i 1840, og på Lynnedalen i Tuddal, måla i 1849. Han måla også ei mengd kister og bilete. Mange bilete er av keisar, kongar, dronningar, prinsessar og stormenn til hest, samt byprospekt. «Rosemålingi hans er påverka både av barokk og rokokko, er sikker og kraftig gjord, ofte med god fargeverknad.»
Han var far til Olav Thomasson Luraas. Knut og Øystein Øysteinsson Lurås var brørne hans.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957