Tomas Brolin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tomas Brolin
Tomas Brolin.jpg
Fødd 29. november 1969
Hudiksvall
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Tomas Brolin på Commons

Per Tomas Brolin (fødd 29. november 1969) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Hudiksvall som var sentral då Sverige vann bronsen under VM i fotball 1994, året etter ha vann cupvinnarcupen med Parma FC. Brolin vert rekna som Sveriges beste fotballspelar den fyrste halvdelen av 1990-åra, kåra til årets spelar 1990 og 1994.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Brolin spelte 1985-87 på fjerdedivisjonslaget Näsvikens SK. Etter tre sesongar hos GIF Sundsvall, spelte han våren 1990 på Norrköping. Allereie i september 1990 vart han overført til italienske Parma FC, der han i fem sesongar bidrog mykje til lagets suksess. Klubben vann den nasjonale cupen i 1992 og cupvinnarcupen 1993, men tapte finalen i cupvinnarcupen 1994. I november 1995 vart han overført til Leeds United. Heller svake prestasjonar gjorde at han vart sett ut av fyrstelaget og han prøvde seg så i FC Zürich og på ny i Parma FC, utan å imponere. Vårsesongen 1998 var Brolin aktiv i London-klubben Crystal Palace. Han la opp sommaren 1998, etter tre år i svak form.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brolin debuterte på det svenske landslaget i april 1990 og skåra to av måla då Wales vart slått 4-2. Han skåra eitt mål under VM i fotball 1990, der Sverige rauk ut i gruppespelet. To år seinare vart Brolin matchvinnar både mot Danmark og EnglandEM i fotball 1992 fann stad på svensk heimebane. Han skåra også då Sverige tapte semifinalen mot Vest-Tyskland med 2-3. Under VM i fotball 1994 i USA markerte han seg som den drivande krafta bak Sverige suksess som vart fullført med 4-0 over Bulgaria i bronsefinalen. Etter eit beinbrot i ein landskamp mot Ungarn i november 1994, fekk Brolin fem kampar i landslagsdrakta utover sommaren-hausten 1995 før han vart vraka. Han spelte i alt 47 landskampar og skåra 27 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-bronse: 1994 for Sverige
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1993 med Parma FC
  • Italiensk cupmeister: 1992 med Parma FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]