Tomasjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotografi av kornhausting i Tomasjord frå 1913.

Tomasjord er ein bydel i Tromsø, og ligg på austsida av Tromsøysundet, like nord for Tromsdalen. Postadresse er 9024 Tomasjord. Ved stortingsvalet i 2013 omfatta valkrinsen Tomasjord 4004 stemmeberettiga.[1] Busetnaden i bydelen består for det meste av einebustadar, men dei siste åra er det bygd ca. 450 leilegheiter i blokker på Tomasjordnes.

I november 1942 oppretta det tyske sikkerheitspolitiet Sipo ein fangeleir på Krøkebærsletta. Denne avløyste fangeleiren Sydspissen, som låg heilt sør på Tromsøya. Leiren var i all hovudsak ein gjennomgangsleir for fangar frå Nord-Noreg (nord for Lofoten) som skulle til Falstad, Grini eller Tyskland. Ein går ut frå at ca. 2000 fangar passerte Krøkebærsletta.[2]

Tromstun ungdomsskule og Tromsdalen vidaregåande skule ligg begge på Tomasjord. Elevar på barnetrinnet går på skule anten på Tromsdalen skule eller på Lunheim skule. Den einaste større føretaket med tilhold i bydelen er Troms Kraft, som har hovudkontoret sitt her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 69°39′32.814″N 19°1′6.1104″E