Tommeliten på ikornrygg
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Sjanger | barnebok | ||
| Utgjeven | 1966 | ||
| Forlag | Noregs Boklag | ||
| Illustratør | Unni-Lise Jonsmoen | ||
Tommeliten på ikornrygg ( …«ekornrygg») er ei biletbok frå 1966 med tekst av Halvor Floden og illustrasjonar av Unni-Lise Jonsmoen.[1] Boka bygde på eit eventyrspel/høyrespel som Floden hadde skrive for radio.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Da boka kom ut, hadde Floden (1884–1956) vore daud i fleire år; dette vart den eineste av hans tekster som fikk nytt liv som biletbok etter at han var borte. Jonsmoen har utdanning frå Statens håndverk- og kunstindustriskole 1953–1957, og hadde illustert fleire bøker før denne. Boka var ei av dei to første biletbøkene som fikk produksjonsstønad frå Norsk kulturråd.[2]
Boka bygde på eit «eventyrspel»/høyrespel som Floden hadde skrive for Skolekringkastinga i radio.[3] Forteljinga vart første gong sendt i NRK laurdag 28.1.1950.[4] Ho gjekk i reprise i 1955,[5] 1956,[6] 1959,[7][8] 1963[9] og 1966.[10] I programheftet til Skolekringkastinga i 1959 hadde Kjell Aukrust lage ei teikning av Tommeliten og ekornet.[11]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd.[12] Det er tre stemmer i forteljinga: Forteljaren, Tommeliten og Mora. Tommeliten blir presentert av forteljaren som «ein smågut, men han er liten som ein finger, og somtid enda mykje mindre, Eg veit om ein gong han kraup inn i ulla på eit ikorn.» Handlinga i boka blir gjenfortalt av Tommeliten til mora, og det er Tommeliten som har ordet det meste av tida.
Tommeliten fortel om opplevingane frå fire turar/besøk han var saman med eit ekorn og ekornfamilen.[11] I den første handlinga er Tommeliten med medan ekornet hopper mellom trea, og må rømme frå ein mår. I Tommeliten si forteljing kan han og ekornet snakke saman. I den andre handlinga, som blir kort attfortalt, var Tommeliten med på å bygge eit ekornhus tidleg på våren. I den tredje handlinga fekk han møte dei nyfødde ekornungane og bu saman med dei ein dag og ei natt. I den fjerde handlinga, fleire veker seinare, var Tommeliten med medan ekonungane lærer å gå, klatre og finne mat.
Boka blir avslutta med ei formaning om god oppførsel mot dyra. Dette er et gjennomgåande tema hos Floden: samanhengane i naturen, og respekten for skogen og dyra.[13]
Illustrasjonane til Jonsmoen er i trefargetrykk,[14] svart/kvitt, natteblått, brun pels og trestammar, og grøne grantrær.[1] Jo Tenfjord skreiv at «… plantefargenes regnbuespenn har satt spor etter seg. Her er dust blått og brunt og grønt på let som mose.»[15]
Omtale
[endre | endre wikiteksten]Sonja Hagemann meldte boka i Dagbladet og roste boka for fleire forhold: «trygg og vennlig tone», levende, stemningsfull, eleganse og humor.[16] Knut Hermundstad skreiv varmt om boka i Valdres, og var ein av fleire som peika på at høyrespelforma gjorde boka eigna til framføring i skoleklasser.[17] Aftenposten nemnte boka raskt som «nydelig».[18]
Jo Tenfjord skreiv om boka i Norsk skoleblad. Ho trakk fram Flodens «livfulle, endeframme og likevel nyanserte språk», og Jonsmoens teikninger: «Illustrasjonene er ikke så naturalistiske … det er mer ekornets vesen enn dets utseende som er avbildet.»[15] Magnus B. Ranheim skreiv seinare i det same bladet at «teikningane er dekorative og kraftfulle», han roser korleis teikningane syner fram fart, rytme og krafta i ikornspranget.[14]
Bodil Roald oppsummerte boka kort i Morgenbladet som ei «ganske søt, litt kjedelig, 'moralsk' fortelling».[19] I ei anonym bokmelding som sto i fleire aviser vart Tommelitens ritt på ekornet samanlikna med Peer Gynts bukkeritt.[20][21] Meldaren i Gula Tidend var svært misnøgd med at høyrespel-forma frå radioversjonen ikkje var omarbeidd til ei forteljing.[22]
Boka i ettertid
[endre | endre wikiteksten]Boka fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementets illustrasjonspris for barnebøker i 1966.[23][24] Boka vart også trekt fram under utdelinga av Bokkunstprisen.[25][26]
Boka vart omsett til nordsamisk i 1968.[27]
- Illustrasjonsfoto av ekorn
- Unni-Lise Jonsmoen i 2007
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Floden, Halvor (1966). Tommeliten på ikornrygg. Oslo: Noregs boklag.
- ↑ Jo Tenfjord (1970). «60-tallets norske barnelitteratur». Barna og vi. Risør. s. 16-21.
- ↑ Hagemann, Sonja (1974). Barnelitteratur i Norge 1914-1970. Oslo: Aschehoug. s. 303. ISBN 8203061869.
- ↑ «Østlendingen». Elverum. 1950-01-19. s. 8.
- ↑ «Arbeiderbladet 20». Oslo. 1955-01-20. s. 14.
- ↑ «Glåmdalen». Kongsvinger. 1963-02-14. s. 6.
- ↑ «Halden Arbeiderblad». 1959-11-05. s. 6.
- ↑ «Programbladet; nr 49». Oslo. 1959. s. 3. «Jeg vil takke for det gode hørespillet …»
- ↑ «Nordlandsposten». Bodø. 1956-10-04. s. 3.
- ↑ «Nationen». Oslo. 1966-02-03.
- 1 2 «Skolekringkastinga. Høsten 1959». Oslo. 1959. s. 5.
- ↑ Tordis Ørjasæter, m.fl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen. s. 203. ISBN 8202019052.
- ↑ Dag Hareide (1984). «Livssynet til Halvor Floden». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 62-80.
- 1 2 Magnus B. Ranheim (1967). «Barnebøker og illustrasjonskunst». Norsk skoleblad. Oslo. s. 1712-1715.
- 1 2 Jo Tenfjord (1967). «For øye og øre : billedbøker og poesi for de yngste». Norsk skoleblad. Oslo. s. 1204.
{{cite news}}: Cite has empty unknown parameter:|1=(hjelp) - ↑ «Dagbladet». 1966-12-15. s. 7.
- ↑ «Valdres». Nord-Aurdal. 1967-06-08. s. 2.
- ↑ «Aftenposten». 1968-12-11. s. 10.
- ↑ «Morgenbladet». Oslo. 1968-12-17. s. 8.
- ↑ «Østlendingen». 1967-01-03. s. 10.
- ↑ «Frostingen». 1966-12-15. s. 6.
- ↑ P.H. (1966-12-20). «Vakker barnebok, men teksten burde vorte vølt». Gula Tidend. Bergen. s. 3.
- ↑ Birkeland, Tone (1993). Den norske biletboka. Oslo: Cappelen. s. 240. ISBN 8202126916.
- ↑ «Bok og bibliotek; nr 2». Oslo. 1967. s. 135-136.
- ↑ «Norsk bokhandlertidende». Oslo. 1967. s. 240, 243.
- ↑ «De utvalgte femogtyve vakreste bøker Norge 1966». Norsk grafisk tidsskrift. Oslo. 1967. s. 132-136.
- ↑ Dumásaš oarri čielgi al'de; Ovttas, samisk læremiddelportal