Tommie Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommie Smith

Tommie Smith-modified (cropped).jpg
Tommie Smith i 2009

Statsborgarskap USA
Fødd 6. juni 1944
Clarksville
Idrett amerikansk fotball, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Arthur Ashe Courage Award

Tommie C. Smith (fødd 5. juni 1944) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Clarksville i Texas som vart olympisk meister på 200 meter i 1968.

Smith sette verdsrekord på 200 m med 20,0 sekundar i Sacramento den 11. juni 1966. Seks dagar seinare vart han nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 220 yards, ein tittel han forsvarte året etter. Den 20. mai 1967 forbetra han verdsrekorden på 440 yards til 44,8 sekundar under eit stemne i San Jose, noko som vart stipulert til 44,5 på 400 m, også det tilsvarande verdsrekord. Same sesongen vart han USA-meister (AAU) på same distansen, og han vann 200 m under universiaden i Tokyo.

Tommie Smith på podiet i 1968

Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen vann Smith finalen 200-meteren med verdsrekordtida 19,83 sekundar. På sigerspallen, under avspelinga av nasjonalsongen, stod både han og landsmannen, bronsevinnar John Carlos, i svarte lestar og utan sko, og gjorde Black Power-helsinga. Begge utøvarane vart kasta ut av den USA-amerikanske OL-troppa og utvist frå leikane. Denne motstands-markeringa vert rekna som ein viktig milepåle i den USA-amerikanske borgarrettsrørsla.

I 1969 spelte Smith nokre månader på amro-fotballaget Cincinnati Bengals.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]