Tommy Shannon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Shannon
Tommy Shannon Ron Baker 3.jpg
Tommy Shannon på scenen i 2006
Fødd18. april 1946 (75 år)
FødestadTucson i Arizona i USA
FødenamnThomas Lafitte Smedley
OpphavUSA
AktivSidan 1962
SjangerBluesrock, Texas blues
InstrumentBass, gitar
Tilknytte artistarStevie Ray Vaughan, Double Trouble, Johnny Winter, Arc Angels, Storyville
PlateselskapEpic, Legacy, Sony, Geffen, Atlantic
Verka somMusikar

Tommy Shannon (fødd 18. april 1946 som Thomas Lafitte Smedley) er ein USA-amerikansk bassgitarist, som er mest kjend som medlem av Double Trouble, eit bluesrockband leia av Stevie Ray Vaughan. Han var fødd i Tucson i Arizona og flytta til Dumas i Texas då han var ni, der han byrja som gitarist. 21 år gammal byrja han å spele bass. Han spelte med Johnny WinterWoodstockfestivalen i 1969. Han kom seinare inn i Double Trouble i 1981 og vart permanent medlem av bandet fram til Vaughan døydde i 1990. Shannon og bandkollega Chris Layton skipa seinare supergrupper som Arc Angels og Storyville.

Shannon vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Double Trouble i 2015.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rock Hall confirms members of Paul Butterfield Blues Band, the Blackhearts and Double Trouble being inducted», Cleveland Plain Dealer, 4. mars 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tommy Shannon