Tommy Sims

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tommy Sims

Sims i 2000
OpphavUSA
AktivSidan 1987
Verka sommusikkprodusent, låtskrivar

Tommy Sims er ein USA-amerikansk bassist, låtskrivar, plateprodusent og bandleiar.

Frå 1987 til 1989 var han bassist i det populære kristenrockbandet White Heart, som han slutta i for å bli studiomusikar og produsent. I 1992-1993 spelte han bass på turné ed Bruce Springsteen. Han er òg låtskrivar og var medlåtskrivar på Eric Clapton-songen «Change the World», som vann Grammyprisen for årets song i 1997. Andre songar han har skrive er blitt spelt inn av Bonnie Raitt, Susan Tedeschi, Garth Brooks, Cher, BlackStreet, Toni Braxton og BabyFace, blant fleire. Sims har òg arbeidd med Michael Bolton, Amy Grant, Kelly Clarkson, Carman, CeCe Winans, Israel Houghton, Michael W. Smith, The Neville Brothers, Michelle Williams i Destiny's Child, Brian Courtney Wilson og andre.

Sims har òg gjeve ut eit soloalbum, kalla Peace and Love i 2000. Songane til Sims er òg blitt nytta i film og fjernsyn.

Somme prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]